Årets hefte er no i sal i butikkane, og her har ein mykje godt lesestoff i advents- og joletida.
Årets hefte er no i sal i butikkane, og her har ein mykje godt lesestoff i advents- og joletida.

Om dansefestar, distriktslegeliv og ein språkprofessor

Årets ”Jol i Setesdal” er som ei lita skattkiste av dikt, historier og artiklar. Her kan ein mellom anna lese om den eldste trebygningen i fylket, då dansefestar prega ungdomshusa i dalen og om ein honndøl som vart språkprofessor for hundre år sidan.

Høgdepunkta er mange, og variasjonen i tekstane er stor. Skriftstyret i ”Jol i Setesdal” har gjort eit godt arbeid med den geografiske og tematiske spreiinga i årets hefte. Her finn ein mellom anna gode skildringar av setesdølar, gamle bygg, distriktslegeliv i Bygland og om ein dal kor det spøkjer. Ein kan også lese ein utførleg artikkel om Torleiv Hannaas som vart utnemnd til språkprofessor i Bergen for hundre år sidan. 

Ny i skriftstyret

Artikkelen held fram under annonsen.

Skriftstyret kunne i fjor seie seg veldig fornøgde med salet av ”Jol i Setesdal”, og har lagt ned eit godt stykke arbeid for å leve opp til forventningane. Christine Helle frå Bygland er ny i skriftstyret i år. 

-Det har vore svært spennande å arbeide med tekstane til ”Jol i Setesdal”. Me har fått inn mykje variert stoff om ulike emne, alt frå dikt til artiklar om Haugeburet i Åraksbø og «Dansefestane som forsvann». Med så mange ulike tema kan eg anbefale dette som jolelektyre, seier Christine Helle.

Vennskapet med ein valldøl

Det er 50 år sidan telemarkingen Arne T. Aabø tok turen over Skafsåheii og byrja som lærar ved Sætrum ungdomsskule i Valle. Han skriv om ein valldøl han vart kjend med den gongen, Bjørn T. Aakre frå Nordigard på Åkre. Han laga kister, hyller og primstavar, og hadde lært seg bokbinding. Kjennskapet mellom Aabø og Aakre skulle vare livet ut. Teksten er ei god skildring av ein person som etterlet seg mykje – både i form av flott handverk og mange vener. 

Hardt gruveliv

Erik Kjebekk fortel om far hans som var gruvearbeidar, og kvar dag gjekk frå Kjebekk til Nikkelgruva og heim att. Det var eit krevande arbeid han hadde der, men både han og dei to brørne som også arbeidde der var glade for at dei hadde arbeid i ei tid med mange arbeidslause. Prisen dei tre brørne på Kjebekk måtte betale for arbeidet dei hadde i Nikkelgruva var likevel høg. Dette kan ein lese meir om i årets ”Jol i Setesdal”. 

Nær og vaken

For å avslutte med starten av heftet så høver orda til Rune Stormark godt til tida me no er på veg inn i. Ei tid som for mange er prega av stress, kø, kjøpepress og konstant dårleg samvit for alt ein skulle ha gjort. Stormark minner oss om kva som eigentleg er viktig å rekke før jol: «Eg må ikkje miste evna til å vere nær og vaken.»