Tore Kvæven frå Sirdal er kandidat Brageprisen med romanen "Når landet mørknar".
Tore Kvæven frå Sirdal er kandidat Brageprisen med romanen "Når landet mørknar".

Sirdalsforfattar nominert til Brage-pris

Tore Kvæven frå Sirdal er blant kandidatane til bokbransjen sin prestisjefylte heider Brageprisen.

Han er nominert for romanen ”Når landet mørknar” som kom ut tidlegare i år. Det blir rekna for ein storslått historisk roman.

I den norrøne Vesterbygda på Grønland har ei uro snike seg inn. Kvalrossen som gjorde folket her rike, har trekt seg unna. Skipa som segla hit frå Noreg og Island for å drive handel, er sjeldnare å sjå. Grønlendingane sine eigne farkostar er i forfall.

Artikkelen held fram under annonsen.

Menneska spør seg: Er dette dei siste tider? Året er 1293. Den unge guten Arnar Vilhjalmson ror i si første kvalrossjakt. Etter jakta står

det ei jente framfor han. Ho kastar eit blikk på dyret han har felt. Blikket hennar er trassig, og orda er hånande. Etterpå snur ho seg og spring, utan å sjå seg tilbake. Ho heiter Eir. Arnar drøymer om ein dag å byggje seg eit skip og segle mot landa i vest, der tømmer og jern

og trua på framtida finst.

Og i den draumen finst Eir. I jakta på framtida er Arnar villig til å trasse både sin eigen høvding, sine eigne gudar og lovene i landet.