Legesamarbeidet: – Kvifor er kommunedirektøren uinteressert i å opplyse saka betre?

Legesamarbeidet Bygland – Evje & Hornnes. – Kvifor er kommunedirektøren uinteressert i å opplyse saka betre og forbetre avtalegrunnlaget?

Bygland senterparti og resten av kommunestyret i Bygland utsette politisk handsaming av saka i førre møte då ein såg store manglar, og at det var tilhøve ein fant at ikkje var tilstrekkeleg opplyst.

Senterpartiet sendte kommunen ved ordførar og rådmann eit notat med ei rekke moment og tema som vi forventa svart ut fram til saka på nytt blir lagt fram. Saka som no er sett opp igjen synest å vere like lite betryggande som sist!

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det einaste ein finn av oppretting av heimelsgrunnlag – og at ein no syner til rett paragraf i kommunelova.

Sett i ljos av at det er kanskje den viktigaste tenesta –for liv og helse- tryggleik for våre innbyggjarar stiller Senterpartiet på nytt konkrete spørsmål og framlegg om endringar.

Føremål i avtalen:

Vi meiner at dette må inn:

•Sikre fagleg forsvarleg medisinsk helsehjelp og kvalitet i tenestene til innbyggjarane.

•Sikre likeverdige og fullverdige tenester til innbyggjarane i samarbeidane kommunar, m.h bla. til bemanning og opningstider. Det må vere lege tilstades 5 dager i veka, også i Bygland.

•Sikre innbyggjarane kvalitet, tilgjengeleg kompetanse, tenestetilbod i båe samarbeidskommunane.

•Kontorstad ; Bygland og Evje må spesifiserast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Økonomiske konsekvensar:

•Utkastet til samarbeidsavtale syner til parallelle avtaler til kommunal øyblikkeleg hjelp, felles kommuneoverlege og felles legevakt. I dette kan det kanskje ligge innsparingspotensial – eller er det slik at ein kjem til å betale på fleire kanalar for same bemanning/tenester?

•Senterpartiet meiner at det må ligge eit samla reforhandla avtalegrunnlag før ein realitetshandsamar denne saka. Og der ein ser kva økonomiske forpliktingar / konsekvensar dette vil ha for Bygland.

Kva tenester er innafor og kva fell på utsida av avtalen:

Korleis sikre lege/ medisinske tenester inn i dei andre kommunale tenestene, som til dømes psykisk helse og rus, jordmor / helsestasjon / sjukeheim, fysioterapi. Dette må innarbeidast som pliktar/del av legetenesta.

Personal og bemanning:

Vi oppfattar at ein legg til grunn «Verksemdsoverdraging» -dvs overføring av alle tilsette til vertskommunen. Det er fokusert på styringsrett og driftsomsyn avtaleforslaget. Vi meiner avtalen må gje andre viktige føringar/premissar i tillegg, og ber om utdjuping/avklåring/supplering på følgjande:

•Legg ein til grunn arbeidsmiljølova sine rettar for tilsette – med vidareføring av oppmøtestad der dei p.t er tilsett ?

Artikkelen held fram under annonsen.

•Vil ein ved ny rekruttering tilsette tilsvarande med oppmøtestad fordelt med utgangspunkt i bemanninga ein har i Bygland og på Evje i dag? Eit utgangspunkt bør vere at det skal vere «grunnbemanning» tilsvarande det som er skissert med oppmøtestad hht Bygland /Evje slik at ein reduserer reiseulempa og gir base for tilhøyre på båe stadane. Dette har mykje å seie for både reiseveg for tilsette og kostnadsbergning for den einskilde tilsette, men prinsipielt - for busetting og skattemessige tilhøve mellom kommunane. Dette bør konkretiserast i avtalen.

•Korleis er arbeidstakarane sine retter og pliktar i dette, -legg ein arbeidsmiljølova sine reglar til grunn, t.d. i høve til løn-arbeidstid, vern mot oppseiing, stadleg leiarfunksjon på båe legekontora? Tillitsvald-ordning – korleis denne blir organisert, harmonisering av lønsutvikling mellom kommunane, rekrutteringspolitikk/leiarrekruttering i båe samarbeidskommunar osv?

•Då NAV-samarbeidet, IKT-samarbeidet vart etablert vart det lagt til rette for gradvis endring av oppmøtestad, og overgangsordningar for dei tilsette. Tilsvarande ordningar bør ein tilby tilsette ved evt. etablering av legesamarbeidet.

Senterpartiet ber om utdjuping av problemstillingane nemnt ovanfor. Vi føreslår og konkretisering av overgangsordning for medarbeidarar som evt. får endra oppmøtestad, tilsvarande andre interkommunale samarbeid etablert dei siste åra.

Økonomi: Det er argumentert for meir robuste tenester – At det blir det, - er Senterpartiet i sterk tvil om. Det vi uansett skulle likt å vite er kor mykje ein kan vente at samarbeidet vil koste. Det står ikkje noko om kostnadar / nytte: Det bør vere eit tak som tilseier at tenesta forutsetter å ikkje bli fordyra direkte eller indirekte, ved at det blir spart på oppmøtedagar/kontordagar i Bygland, mens kostnadane blir overførte til tilsette og pasientar med at dei må reise til Evje i fritida si.

For oss er det vanskeleg å skjøne samanhengen mellom robuste tenester, kvalitet og avstand til pasientane i Bygland. Korleis kan ein yte betre tenester lengre unna, med kortare konsultasjonstid og mindre lokal kjennskap/kontinuitet i pasient-lege-relasjon?

Senterpartiet ber konkret om budsjett/estimat på kostnadane som skisser i forslaget til vertskommuneavtale og andre kostnadar som vil bli liggande att i tillegg i eigen kommune – og at dess blir rekna mot dagens kostnadsbilete for Bygland kommune.

Fordelingsnøkkelen i samarbeidsavtalen bør spegle folketal – dvs omlag 1/3 gjennomgåande, og at denne skal korrigerast/justerast i takt med folketalsutviklinga i dei to kommunane årleg før avrekning mellom avtalepartane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Investeringar: Det er pårekneleg at det i åra som kjem vil vere behov for investering i nytt dyrt utstyr. Avtalen bør omhandle korleis ein ser føre seg nytt dyrt utstyr (som del av dei respektive kommunane sine kostnader knytt til lokalitetar) eller fordeling, også noko om plassering av nytt dyrt utstyr - skal det vere likeverdige tenester/fullverdig utrusta kontor i båe kommunane framover? Skal kostnadsdelinga reflektere tilgjengelegheita /bruken mellom kontor/pasientgrunnlaget.

Endringar – uttreden eller utviding av samarbeidet med andre kommunar

Avtalen manglar punkt om evt. utviding av samarbeidet. Det manglar også reglar om utreding og fordeling av verdiar (utstyr) /økonomiske forpliktingar.

Kontrollorgan - klagehandsaming er ikkje omtalt og ganske sentralt – i høve vedtaksmynde og evt. omgjering av vedtak – og ikkje minst økonomiske forpliktingar for dei respektive kommunar som følgje av vedtak- eller mangelfulle vedtak/tenester. Det bør framgå av samarbeidsavtale kven sitt klageorgan og kven som har ansvar for lovlegheitskontroll på vegne av samarbeidskommune i vertskommunesamarbeidet. Skal det vere felles klagenemnd knytt til samarbeidet?

Klager og evt. erstatningsansvar:

Ut over dette melder deltakarkommunen sitt økonomiske ansvar/ forplikting ved evt. klagesaker/skade:

Den enkelte deltakerkommune står rettslig og økonomisk ansvarlig overfor egne innbyggere for de vedtak som treffes i samarbeidet. Den enkelte deltakerkommune har også økonomisk ansvar for eventuelle erstatningskrav som oppstår i forbindelse med tjenesteutøvelse for deltakerkommunen.

IKT-system, personvern/ journalopplysingar

Artikkelen held fram under annonsen.

Avtalen bør avklåre IKT og evt. felles systemdrift – og personvern/ journalopplysingar mellom kommunane. Ikkje minst om kostnadane til dette ligg i samarbeidsavtala eller blir fakturert ved sida.

Helsing Bygland SP