Nedtrekte gardiner ved legekontoret på Byglandsfjord er snart ein realitet døgnet rundt etter at formannskapet har signalisert vilje til å legge ned drifta ved dette legekontoret.

– Robuste legetenester - dyrare og dårlegare?

Bygland har i mange år hatt gode doktertenester med stabilt personale og med kontor på Byglandsfjord og på Bygland. Dette har no kommunedirektøren lagt fram forslag om å endre ved at kontoret på Byglandsfjord blir lagt ned.

Dette er ei sentralisering og nedbygging som innbyggarane i Bygland ikkje er tente med. Organiseringa av doktartenesta i Evje og Hornnes har gjennom mange år vore prega av stor uro. I tillegg har personellet i EH kommune uttrykt motvilje mot at Bygland fær ei vertskommunerolle og også at å pendle til Bygland er uaktuelt - så inntrykket er at dette er eit samarbeid som ikkje er ynskjeleg frå personellet si side.

Samarbeidets pris

Økonomisk så blir ikkje kostnadsfordelinga gjort etter folketal, men at Bygland med ¼ av innbyggarane skal betale 1/3 av kostnadene. Skal dei økonomiske fordelane berre ligge att i EH kommune? I tillegg har Bygland kommune rusta opp dokterkontoret på Byglandsfjord til ein tilfredsstillande standard. Om kontoret blir lagt ned, så må Bygland kommune fortsetje å betale leige i mange år for lokale som ikkje er brukande til anna formål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utflagging av arbeidsplassar og reduserte tenester

Interkommunalt samarbeid i Setesdal har stort omfang. Det går likevel aldri i den lei at tenesta blir produsert i Bygland, for alt interkommunalt samarbeid så er premissa at det skal sentraliserast til Evje.

Bygland kommune blir arma ut slik at det ikkje blir arbeidsplassar att. Og då blir det færre menneske som betaler skatt, har born i skule og vil bu og virke i kommunen.

Uro og mikrosentralisering

Bygland Sp ynskjer ikkje å sentralisere ei god eksisterande teneste til ei dyrare og meir sentralisert løysing med nedlegging av dokterkontoret på Byglandsfjord. I tillegg kjem risikoen for historisk uro i doktertenesta på Evje smittar over til Bygland.

Avgjerd basert på antakingar heller enn faktiske kostnader

I formannskapet ønskte opposisjonen å få lagt på bordet reelle tal på kostnadene som legetenesta i båe kommunane har hatt dei siste 3-5 åra (ikkje berre stipulerte stillingsbrøkar) og reknestykke på kva det vil koste Bygland for alle tre alternativa kontra kostnadsnivået Bygland i dag har til legeteneste. Men det var det berre Senterpartiet som brydde seg med.

I konstant undring over dei strategiske grepa som blir teke og som posisjonen sluttar seg til - som i sum handlar om avvikling og ikkje utvikling av Bygland til ein meir attraktiv kommune for busetting og etablering i alle fall!

Samlokalisering – ein ide om kva robust er

Men demokratiet styrer – og fleirtalet hevdar at robust = ”fleire legar i same hus”-løysinga. Nærleik til pasientar, andre indirekte kostnader og avstandsulemper er ei floge i suppa berre.

Vi venter i spenning på den «robuste» legeteneste-løysinga som har ein pris ingen kjenner!

Bygland Senterparti