Friskmeld frå korona i Evje og Hornnes

Ein person i Evje og Hornnes vart registrert smitta av korona 17. desember. Både nærkontaktane og den smitta er nå friskmelde.

Personen som fekk påvist smitte før jul hadde nettopp kome til Evje og Hornnes, og difor var det få nærkontaktar som måtte i karantene. Alle er friskmelde nå, og kommunen har difor per 29. desember ingen i isolasjon som følgje av påvist koronasmitte.