Hans Jørgen Kyte Assmann og Birgit Homme bokstaveleg tala kasta seg ut i det då dei beint og greitt bada jola inn på Honnevje i Valle sjølvaste jolaftan. Med sju minus i lufta og eitpar kuldegrader i vatnet var badet absolutt av det friskare slaget!

Bada jola inn på Honnevje i Valle jolaftan!

Birgit Homme og Hans Jørgen Kyte Assmann kasta seg beint i Otra på Honnevje i Valle jolaftan for å bade jola inn!

Birgit er vand med isbading, både frå Bystranda i Kristiansand og ikkje minst mang ein "dukkert" i Otra vinterstid. Å hoppe ut i vatn som er kaldare enn frysepunktet er likevel ikkje for kven som helst. Det dukka opp fleire til "jolebadinga" i Valle, men dei fleste valde å stå og sjå på.

- Det var likevel ei dobling frå i fjor. Då måtte eg hoppe uti aleine, smiler Birgit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil ha fleire med

Det var sju minus i lufta og eitpar minusgrader i vatnet då dei to friskusane gjennomførte jolebadet. Etter ein god dukkert kunne dei la jolefreden senke seg. Blå var dei nok, men sprekare måte å starte jolehøgtida på skal ein leite lenge etter! 

- Så håpar eg fleire blir med neste jol, smiler Birgit Homme, som i alle fall fekk fylgje på dukkerten i år.