Bygland båtforeining driv sikringsarbeid på Byglandsfjorden med sponsing frå Otteraaens Brugseierforening og ein bulgarsk våpenfabrikant.
Bygland båtforeining driv sikringsarbeid på Byglandsfjorden med sponsing frå Otteraaens Brugseierforening og ein bulgarsk våpenfabrikant.

Bulgarsk våpenfabrikant støttar sikring i Byglandsfjorden

Den bulgarske våpenfabrikanten som for nokre månader sidan kjøpte Prestøyne i Byglandsfjorden for 18 mill. kroner, har no engasjert seg i sikringstiltak for å gjere båtferdsla i fjorden tryggare. Saman med Otteraaens Brugseierforening har bulgararen gått med på å finansiere Bygland båtforening sitt prosjekt for å merke over 30 skjer i fjorden.

Bygland båtforening har alt merka 18 av dei, men har registrert ytterlegare 16 som det er meininga å få merka innan kort tid.

Leiar i båtforeninga, Tor Kasin, stadfestar at det er Otteraaens Brugseierforening og eigaren av Prestøyne som har spleisa på kostnadene, men vil ikkje seie noko om kor mykje pengar dei har lagt inn i prosjektet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Målet er at me blir ferdige med merkingsarbeidet før jol, men det kjem an på forholda. Me arbeider også med eit elektronisk kart over Byglandsfjorden, seier Kasin.

Merkar ikkje alt

Han strekar under at sjølv om ein del skjer no blir merka med stakar og skilting, får ein ikkje merka alt.

–Vassdragsreguleringa gjer at vasstanden i Byglandsfjorden endrar seg stadig. Båtferdsle som er trygg ved høg vasstand, er det ikkje i periodar med lågare vasstand. Difor er merkinga eit hjelpemiddel, men ingen fasit. Folk må framleis passe på sjølve når dei ferdast på Byglandsfjorden. Denne merkinga er likevel eit godt tiltak i arbeidet for å gjere båtlivet på fjorden tryggare, seier Tor Kasin i Bygland båtforening til Setesdølen.