Linn Moseid har vore på Databutikken på Evje i 12 år og vart etter kvart medeigar. Ho meiner det går fint å kombinere travel forretningsdrift med kommunepolitikk. - Det politiske arbeidet gir meg mykje, og fører til at eg ser problemstillingane i kommunen på ein annan måte enn før, seier ho.

– Du kan påverke i kommunen din

– Å vere kommunepolitikar tar i grunnen ikkje meir tid enn at det fint let seg kombinere med vanleg arbeid, seier Linn Moseid (37). Ho er ei travel forretningskvinne på Databutikken på Evje, men også med fleire andre jarn i elden. Med mann og to ungdommar i huset, finn ho likevel tid til lokalpolitisk arbeid.

I inneverande periode er ho med i kommunestyret og levekårsutvalet i Evje og Hornnes. Dessutan er ho nestleiar i styret i Otra Idrettslag, og ho driv 4H-klubben Grobotn i Hornnes.

Kommunestyremøta er det som regel eitt av i kvar månad, levekårsutvalet har ikkje møte så ofte, men i tilknytning til kommunestyret sine samlingar er det også medlemsmøte og gruppemøte i eige parti. Ho representerer Høgre, som også har varaordføraren i Finn Bjørn Rørvik, så partiet er med i fleirtalsalliansen i kommunestyret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ved å delta føler eg at ein kan vere med å påverke og ikkje minst forstå mykje meir av det som skjer i kommunen. Då lærer ein også å vere open for andre sine synspunkt, kanskje på ein betre måte enn berre ved å høyre det som blir sagt på bygda, meiner Linn Moseid.

Får god hjelp

Ho rosar både administrasjonen i kommunen og politikarkollegaer i alle parti for å vere opne og hjelpsame med yngre og uerfarne politikarar, slik ho også har kjent seg lenge.

– Det var Inger Juvastøl som fekk meg med på dette. Ho var aktiv i politikken og trong digital hjelp. Då kontakta ho meg, og ho fekk meg interessert. Seinare har det berre balla på seg med møte og saker som engasjerer, seier ho og håper at endå fleire yngre folk vil stille seg til disposisjon for partia denne gongen.

To blide damer, Marit Vegusdal (t.v.) og Linn Moseid driv Databutikken på Evje.

Nyttige gruppemøte

– Det er gjennom partiarbeidet at ein kan få fram saker ein ivrar for. Difor bør alle med eit visst engasjement finne eit parti som dei føler seg litt på bølgelengde med. Då er det lett å gå vidare, meiner ho.

– Mange vegrar seg kanskje for at det kan bli mykje dokument å lese, men det ordnar seg som regel. På gruppemøta er det alltid nokon som har lese meir enn andre, og som kan orientere partifellene. Det betyr at ein slett ikkje treng å ha finlese alt sjølv, seier ho med eit smil.

Faren var engasjert

Linn Moseid starta varsamt som medlem i Høgre i nokre år då ho vart varamedlem til kommunestyret og vara i plan- og ressursutvalet i ein periode. Frå oppveksten på Byglandsfjord hadde ho med seg inntrykk frå faren, Torgeir Moseid som var engasjert i kommunepolitikk for Høgre i Bygland og leiar av kulturstyret i mange år.

– Det var kult at han skulle på møte i Høgre, men eg var ikkje engasjert så tidleg, seier ho.

– Viktig å vere open

– Det er verdt å bruke litt tid på politikken. I kommunestyret er det også eit sosialt liv på tvers av partigrenser. Ein får gode samtalar der ein lærer å forstå kvifor folk stemmer som dei gjer. På den andre sida opplever eg å bli forstått og slett ikkje uglesett for synspunkt eg måtte ha i ei sak, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Linn Moseid er oppteken av at politikaren skal vere tydeleg, og at prosessane skal vere så opne som råd er.

– Det er viktig for å sikre demokratiske avgjerder. Folkestyret er viktig, og eg får ofte spørsmål frå folk om kva eg meiner, men eg har aldri opplevd at folk går i strupen på meg for noko eg har sagt eller meint i kommunestyret. Eg trur det er nokså trygt å vere politikar i Evje og Hornnes, seier ho.

I inneverande periode er det fleire unge som er med i kommunestyret.

– Di fleire som engasjerer seg, di lettare er det å vere ny i denne forsamlinga, seier Linn Moseid.