Komiteen er stipendiatane på Evje Folkehøyskole: Jamie Moløkken (framme), Lene Marie Brede og Tirill Louise Nyheim (midten) og Eleni Kjenes Grøstad med lærar Yvonne Zakariassen (t.h.). Lærar Lillian Lislevand er også med i komiteen, men var ikkje tilstades då biletet vart teke.

Gale påfunn for viktig sak: – Målet er å overgå fjoråret

Det starta med ”stunt for cash” til inntekt for kreftsaka for nokre år sidan, og kvart år har elevane som mål å overgå summen dei fekk samla inn året før. –Det er ikkje så ille å drite seg ut når ein veit det går til ei god sak, seier stipendiatane ved Evje Folkehøgskole.

Denne veka er elevar, stipendiatar og lærarar i full sving med å snu opp ned på kvardagen for å få inn mest muleg pengar til årets Krafttak mot kreft.

– I fjor vart det samla inn 48.000 kroner, så i år er målet i alle fall 50.000 kroner, seier stipendiatane.

Artikkelen held fram under annonsen.

”Stunt for cash” betyr stunt som farging og klypping av hår, utkledning og andre ville påfunn som ulike personar gjer når innsamla midlar når eit visst nivå. For å følgje med på både det som blir samla inn, og stunta som blir gjennomført, må ein følgje folkehøgskulen på Facebook.

– Me har også ein del meir vennlege stunts, og folk vel sjølv kva dei vil vere med på. Me har eit reknestykke som seier at kvar elev skal prøve å få inn omlag 400 kroner, så kan ein jo velje sjølv korleis ein vil bidra, seier Jamie Moløkken.

Stipendiatane håper på at mange vil vere med og støtte den gode saka.

– Men det er jo ei så viktig sak, og det gjer at det ikkje er så farleg å dumme seg ut litt, legg Eleni Kjenes Grøstad til.

Samlar inn luer til kreftramma

I tillegg til ”stunt for cash” står elevar i Evje sentrum og sel kake, vaffel, kaffi og saft fredag og laurdag.

Dei tar også imot donering av brukte og nye luer til kreftramma. Luene kan leverast hos Erling Haugaa i Evje sentrum. Til nå har dei fått med seg Spisekroken og TrollAktiv Drift som vil vere med å bidra til Krafttak mot kreft, ut frå kor mange luer dei får samla inn.

Evje Folkehøgskole er også i dialog med fleire bedrifter om dei vil bidra til den nye måten å støtte Krafttak mot kreft.

– Me opplever veldig mykje engasjement for saka, avsluttar dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Denne veka er elevar, stipendiatar og lærarar ved Evje Folkehøgskole i full sving med å snu opp ned på kvardagen for å få inn mest muleg pengar til Krafttak mot kreft. (Foto: Evje Folkehøgskole)