Seks nye smitta i Iveland sist veke

Onsdag ettermiddag vart det registrert eit tilfelle av Covid-19 i Iveland, og sidan har det blitt påvist koronasmitte hos fem til i kommunen. To avdelingar ved Vatnestrøm barnehage held stengt ut veka.

24 born og 9 tilsette i to avdelingar på Vatnestrøm barnehage vart frå torsdag sett i karantene då eit nytt smittetilfelle vart påvist. Alle føresette i barnehagen fekk melding frå kommunen om å hente borna sine. Det eine smittetilfellet er eit barn i barnehagen, så to avdelingar held stengt ut denne veka. Dei tilsette i avdelinga blir råda til å teste seg rutinemessig omlag 3 og 7 dagar etter siste kontakt i barnehagen. Teststasjonen er ved Vennesla bedehus.

Skulen på gult nivå

Det er også ein nærkontakt på Iveland skule som er testa og sett i karantene. Det får ingen innverknad på skulekvardagen for dei andre elevane, som held fram i sine kohortar inntil vidare. Skulen held fram drifta på gult nivå.