Gunnar Stubseid viste fram og fortalde om gamle reidskap frå då dei fleste hadde eigne slåttemarker. Eleanor Charnock (t.v.) og Marie Bjelland frå Statsforvaltaren fortalde om status for kulturlandskapet på Rygnestad og Flateland i dag, og hadde gode nyheiter om det biologiske mangfaldet.

Kultur og biologi møttest på slåttedag

Det vart dårleg med ljåslått i regnveret, men inne i årestoga vart det både slåttar, kulturhistorie og biologi under Slåttedagen på Rygnestadtunet.

Både Gunnar Stubseid og Hallvard Rygnestad vaks opp med ljåslått. Hallvard Rygnestad gjer i dag eit viktig arbeid på slåttemarka på Rygnestad.

Om regnet prega dagen utandørs, vart det både kulturelle og musikalske innslag, biologi og tradisjonskost i form av slåttegraut innandørs.

– Me er den siste generasjonen som har lært dette naturleg, fortel Gunnar Stubseid. Ved sidan av han sit Hallvard Rygnestad som har slått på gamlemåten på Rygnestad dei siste ti åra. Arbeidet med å halde slåttemarkene inntakt på Rygnestad, fekk kyt av Statsforvaltaren sine utsendte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Randi Myrum serverte tradisjonell slåttegraut til dei frammøtte.
Den årvisse slåttelaurdagen vart i år ei regnfull oppleving, så folk samla seg inne i årestoga.

Gunnar Stubseid fortalde historier frå ljåslåtten og om reiskapen dei brukte, men varta også opp med slåttar. Også Knut Arne Rysstad stod for musikalsk innslag, og fortalte om slåttane til det noko beskjedne oppmøtet på Rygnestadtunet denne laurdagen.

Knut Arne Rysstad gav dei oppmøtte ei musikalsk oppleving med slåttar i årestoga på Rygnestadtunet.
Pål Aakre var ein av dei som møtte opp på slåttedagen på Rygnestadtunet. Han er frå Valle, men har budd i Oslo i over 50 år. - Det er moro å sjå om eg gjer rett, sa han. Ved huset han har i bygda har han slåttemark som han slår med ljå.

Landskapsområde av nasjonal interesse

Miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren informerte om Rygnestad og Flateland som utvalte kulturlandskap av a-verdi, altså landskapsområde av nasjonal interesse. Det er utarbeidd eigen forvaltningsplan for området, og årleg blir det tildelt midlar til investerings- og skjøtselstiltak.

Det store kartleggingsarbeidet som nyleg er gjort, er ei oppdatering sidan sist kartlegging i 2009. I forvaltningsplanen til kommunen er det retningslinjer om forvaltning, tilrettelegging og skjøtsel av verneområde.

Marie Bjelland (t.v.) og Eleanor Charnock fortalde om kartleggingsarbeidet som er gjort på dei utvalde kulturlandskapa på Rygnestad og Flateland. - Me må få fleire slike arrangement, så me får fokus på desse områda, sa Marie Bjelland.

Ein artsrik naturtype

Slåttemark som naturtype har store verdiar, men har hatt sin naturlege tilbakegong dei siste femti åra.

– Det er ein trua naturtype. 90 % av all slåttemark har forsvunne, og med det ein artsrik naturtype med særeige artsmangfald, sa Charnock.

Slåttemark er leveområde for pollinerande insekt som er viktig for landbruket, det har betydning for plantar brukt i medisin, og det avspeglar også kulturhistorisk verdi. Det er nokre av grunnane til kvifor den er så viktig å ta vare på.

Charnock peika på at grunneigarar, drivarar og andre lokale er nøkkelaktørar for å få dette til.

– Rygnestad og Flateland er prakteksemplar på berekraftig samspel mellom menneske og natur, sa Charnock.

Artikkelen held fram under annonsen.

Solblom er ein raudlista blome som er sterkt utrydningstrua. På Rygnestad og Flateland har forekomsten auka dei siste åra, takka vere arbeidet med å halde slåttemarka inntakt. Blomen er her på veg til å avblomstre.

Trua blometype i vekst

Solblomen er fylkesblomen for Agder, og er ein raudlista blomeart som er sterkt utrydningstrua. Planten har tidlegare hatt stor utbreiing i Sør-Noreg på slåtteeng og beitemark. Tilbakegongen dei siste tiåra har samanheng med attgroing etter at det vart slutt på beiting og slått på gardane.

Men på Rygnestad og Flateland har blomen auka i omfang dei siste åra. Den største forekomsten er på Flateland.

– Slåtten dei siste åra gjer at problemartar har hatt ein tilbakegong, og artsmangfaldet berre har auka. Det er store, positive forandringar frå sist kartlegging i 2009. Det er eit fantastisk arbeid som er lagt ned her, og solblomen ser ut til å trivast, sa Charnock.

Anders Dalseg i Setesdal Bygningsvernsenter påpeika at utviklinga er endå meir gledeleg, og kom med ei oppdatering frå kartleggingsarbeidet til Statsforvaltaren som er frå 2022.

– Det har vore ei dobling på Rygnestad frå i fjor til i år, sa Dalseg.

Rygnestadtunet blir rekna som eit av landets viktigaste kulturlandskap, med ein såkalla a-verdi.