Johanne S. Refseth, kjent som Psykolog med sovepose, kjem til Kvinnespranget 2023 på Evjemoen denne månaden. Foto: Privat

Kvinnekonferanse på Evje: Kvifor tek kvinner i Agder mindre plass enn i resten av landet?

«Kvinnespranget» blir arrangert på Evje denne månaden. Til konferansen er det venta både foredrag til inspirasjon, og interessante faginnlegg for og av kvinner. Johanne S. Refseth, også kjent som Psykolog med sovepose er ei av dei som kjem.

Måndag 20. november kjem Kvinnespranget til Setesdal. Konferansen er i år lagt til Evjemoen, og der blir kvinner frå heile Setesdal og nærliggande område inviterte til ein kveld fylt med både inspirasjon og aktuell forsking.

Konferansen er i regi av Agder fylkeskommune i samarbeid med Setesdal interkommunalt politisk råd.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Konferansen er for kvinner i alle aldrar, men me trur det vil treffe frå 18-20 år og oppover. Me frir også til frivilligheita og håper det kjem damer frå bygdekvinnelaga og husflidslaga, og jenter som er med i ungdomsråda, seier Inga Lauvdal i Agder fylkeskommune.

Ho er konferansier under Kvinnespranget i Setesdal, og skal leie publikum gjennom ein innhaldsrik kveld på Evjemoen.

Fråflytting

Problemstillingane som står på agendaen er mellom anna fråflytting, mangel på arbeidskraft, men også mangel på arbeidsplassar. Eit sentralt spørsmål er: Korleis kan vi møte utfordringar, påverke og bidra til å skape vekst i vår region?

– Nokre er kanskje einaste kvinne på arbeidsplassen, eller ei av få. Me oppmodar om å ta turen på Kvinnespranget, og få inspirasjon og motivasjon som gjer at ein står tryggare både på arbeidsplass og i andre organisasjonar. Det handlar om å bli trygge på at ein kan kome med initiativ og stå for det, sjølv i mannsdominerte yrke, seier Lauvdal.

– Dekke opp om kvarandre

Innlegg og tema under Kvinnespranget meiner ho vil vere nyttig i arbeidet for å få kvinner til å ta meir plass både i arbeidslivet, politikk og organisasjonsliv.

– Representasjon av kvinner i lokalpolitikken er eit av mange interessante spørsmål, og det handlar jo litt om at me må dekke opp om kvarandre. Det må ikkje vere kvinnekamp i den forstand, men at kvinner blir trygge på at me kan noko, og at me tek sjansar der ein til dømes blir beden om å vere leiar for eit prosjekt, seier Lauvdal.

– Det blir fokus på kvinnehelse og interessante spørsmål om arbeidsgjevar bør legge til rette for ulike tilpassingar for kvinner i arbeidslivet.

Kvinner som tek plass

For å møte problemstillingane har fylkeskommunen og SIPR invitert ei rekkje kvinner som ikkje er redde for å ta plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har veldig gode formidlarar som kjem, så denne kvelden kjem til å rase avgarde, seier Lauvdal.

Johanne S. Refseth har inspirert tusenvis til friluftsliv og formidlar lett forståeleg og anvendeleg psykologi gjennom bloggen og boka Psykolog med sovepose. Refseth skal fortelje meir om kvifor du kan bli sjuk av kjensler, og kva som er så bra med å bli skuffa.

– Refseth kjem nok til å trekkje ein del yngre til konferansen, og det er berre til Kvinnespranget i Setesdal at ho tek turen. Det vil passe bra som utgangspunkt for det ho seier om «Naturen som lykkepille». Det å bu i distriktet tett på naturen kan vere med på å gje motivasjon og energi til å yte meir samtidig som ein har det godt, seier Lauvdal.

Likestilt arbeidsliv

I dei ulike faginnlegga blir det tema som likestilling, kvinnehelse og utdanningsval i tilknyting til arbeidsliv. Leiar for Likestilt arbeidsliv, Patricia Hartman kjem for å snakke om dette, og korleis det blir arbeidd med temaet i Agder.

Marianne Gjellestad, phd-stipendiat ved institutt for ernæring og folkehelse ved UiA tek føre seg kva kvinnehelse betyr for deltaking i arbeidslivet. Frå Senter for likestilling kjem Claudia Klostergaard for å fortelje om korleis utdanningsval verkar inn på arbeidsmarknaden med tanke på lønn, arbeidstid, karriere og moglegheiter.