–”Bad taste” var ein favoritt blant elevane, seier Mette Bråthen. Elevane på Evje Folkehøgskole gjekk kledd i ”bad taste” i Evje sentrum for å få inn pengar til Krafttak mot kreft. (Foto: Evje Folkehøgskole)

Med gale sprell fekk folkehøgskulen inn over 50.000 kroner til kreftsaka

Elevane på Evje Folkehøgskole sette seg som mål å slå fjorårets innsamling til Krafttak mot kreft på 37.000 kroner. Det klarte dei med glans, for denne gongen fekk dei med ville stunt og sprell inn 52.000 kroner til kreftsaka.

Elevane måtte tenke kreativt for å klare å slå fjorårets innsamling i løpet av ei veke med innsats.

–Dei har gjennomført ”stunts for cash”, der elevane og tilsette måtte gjere ulike stunt etter kvart som dei nådde ulike beløp. Elevane har sjølv vore med å laga lista over stunt og kva beløp dei skal plasserast på. Elevane har blant anna gått bad taste i sentrum, drukke ekkel smoothie, fått tallerken med krem i fjeset og gått med same klede ei veke, fortel Mette Bråthen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har vore i komitéen for Krafttak mot kreft på folkehøgskulen saman med lærarane Marianne Haugvik Hodne og Lillian Lislevand, og elevane Amalie Eikså og Mathilde Samdal.

Også dei tilsette bidrog med sporty stunt for å samle inn pengar til Krafttak mot kreft. Som bacon og banan, frå venstre rektor Aslak Brekke og lærar Kjetil Alver Lund. (Foto: Evje Folkehøgskole)

På folkehøgskulen er det 60 elevar som alle har bidratt til innsamling av pengar til den viktige saka.

–Gjenbruksstasjonen og kaféen var populære. I tillegg til at pengane gjekk til Krafttak mot kreft, var det jo også berekraft i fokus, seier Bråthen.

Se fleire bilete:

Show i barnehagen

–Fleire elevar var også i Hornnes barnehage og laga show for borna med musikk og dans.

Elevane har også gjort andre oppgåver for å få inn pengar. Mellom anna massasje til medelevar, vask av bilar til dei tilsette, kakesalg i sentrum, laga klistremerker og annan kunst.

Alle som har kjøpt tenester og kunst har betalt inn til innsamlinga.

–Me hadde eit ønske om å ha fokus på ei så viktig sak over lengre tid, difor sette me av ei veke til det. Men elevane har brukt mykje av fritida si på stunta, seier Bråthen.

Før jul besøkte Kreftforeningen folkehøgskulen for å fortelje om ulike krefttypar, kreftstatistikk og kvifor arbeidet er så viktig. Det la nok eit godt grunnlag og gav motivasjon for elevane til å legge inn ein skikkeleg innsats i krafttaket nå.