Mildveret skaper store problem for både alpinanlegga og ikkje minst dei som skal køyre opp langrennsløyper i dalen. Her frå Hegni på Hovden 3.joledag, der det var nyttelaust å køyre trakkemaskin langs løypa.

Mildveret skaper trøbbel for både alpinanlegg, løypekøyrarar og scooterfolk!

Mildveret dei siste dagane har tæra hardt på det vesle som var av snø i øvre delen av dalen. Snøsmeltinga skaper no problem i alpinanlegga både på Hovden og i Brokke, løypekøyrarane spesielt øvst i dalen slit med å finne "fotfeste" for maskinane, og scooterfolket må sjå langt etter skikkeleg sesongstart.

Like før jol kom det ein del snø, men ikkje nok til å handtere det som har skjedd til no i høgtida. Ingenting tar så hardt på snøen som mildver i kombinasjon med vind!

- Du veit det er som å bruke ein hårfønar på snøen, no må det snart snu, seier løypekøyrar Grete Breivik på Hovden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho fortel om stadig fleire løyper ein bare må halde seg unna med maskinane.

- Det er bare på kunstsnøen, det vil seie i Røyrvikåsen, at me får gjort noko. Me høyrer også at det er enkelte trasear i alpinanlegget der det er nesten nede i grusen no, seier ho.

Scooterfolket fortvilar

I fjell og hei var det ein del scooterspor i alle fall i Valle og Hylestad like før jol. No er det meste borte. Trasear der ein såvidt kunne kome seg fram like før jol var det 3. joledag bare restar att av. På vatna var det like før jol god is, men no har det vatna voldsomt på. Mildveret gjer også isen meir usikker, så dei som kjem seg ut må passe på! Vermeldingane dei neste dagane er dårleg nytt for alle som ventar på skikkeleg vinter, det skal halde seg mildt i alle fall ut veka.

I heia er det lite som minner om scootersesong! Det vesle som var av snø er i ferde med å smelte bort, og scooterspora er det berre restar att av. Her vest for Valevatn i Valle austehei 3. joledag.
I heia er det lite som minner om scootersesong! Det vesle som var av snø er i ferde med å smelte bort, og scooterspora er det berre restar att av. Her vest for Valevatn i Valle austehei 3. joledag.