Ikkje nytt smittetilfelle i Bygland likevel

Bygland fekk torsdag kveld påvist eit nytt tilfelle av koronasmitte i kommunen. Testen viste seg seinare å vere negativ, og personen er difor ikkje smitta av Covid-19 likevel.

Bygland kommune meldte på sine nettsider torsdag kveld at det var påvist eit nytt tilfelle av koronavirus på Byglandsfjord. Det viste seg at kommunen hadde fått feil prøveresultat på tilfellet, og at testen var negativ. Det er difor ikkje registrert ny smitte i Bygland etter tilfellet på måndag.

Mikrobiologisk avdeling gav beskjed om dette seint torsdag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fekk ros for smittehandtering

Etter smittetilfellet knytt til butikken på Byglandsfjord i starten av denne veka, fekk butikkleiinga og dei tilsette ros av kommunen for måten situasjonen vart handtert på:

– Bygland kommune ønskjer å takke Prix Byglandsfjord for rask og korrekt respons då dei var så uheldige å få smitte i butikken. Kommunen veit at butikken har hatt godt smittevern over lang tid, og dei har gjort ein god jobb for å unngå å få smitte i butikken. Når dei då likevel opplevde ein smittesituasjon, har dei gjort alt som har stått i si makt for å forhindre spreiing, heiter det på kommunen sine nettsider.

Butikken heldt stengt måndag-onsdag, men kunne opne med eksterne tilsette torsdag.

Les også
Korona-smitte knytta til Coop på Byglandsfjord