Det er stadfesta tre tilfelle av korona-smitte med tilknytning til Coop på Byglandsfjord. Alle som har vore innom butikken mellom måndag og laurdag sist veke blir oppmoda om å teste seg.

Korona-smitte knytta til Coop på Byglandsfjord

Bygland kommune fekk måndag 1. februar melding om tre stadfesta korona-tilfelle med tilknytning til Coop på Byglandsfjord.

Dei tre som har fått stadfesta smitte er i isolasjon, og alle registrerte nærkontaktar er sette i karantene. Ein av dei smitta er tilsett ved butikken.

På kommunen si heimeside blir alle som har vore innom daglegvarebutikken på Byglandsfjord frå måndag til laurdag i sist veke, og som kjenner sjukdomssymptom, om å teste seg snarast og sette seg sjølv i avventande karantene i påvente av testsvara.

Artikkelen held fram under annonsen.

Auka testkapasitet

Bygland kommune har sett krisestab, og auka testkapasiteten ved legekontoret på Byglandsfjord. Der kan folk som har vore på butikken sist veke og kjenner på symptom teste seg mellom kl 15 og 20 måndag kveld.

Har stengt butikken

Butikken på Byglandsfjord har sendt ut melding om at i og med at ein av dei tilsette har fått påvist korona-smitte så blir butikken stengt måndag 1. februar og tysdag 2. februar - til ein har oversikt over om fleire kan vere smitta.

Ein i isolasjon

I løpet av denne veka har svært mange blitt testa for korona. Status er at ein person framleis er i isolasjon, to er i karantene og over 20 i avventande karantene.