Over 140 personar i skulane og barnehagane i Evje og Hornnes kommune vart sett i koronakarantene frå og med tysdag. No er det bestemt at Evje ungdomsskule og Vaksenopplæringa stenger i minst 10 dagar. Evje barneskule held opent.

140 i karantene i Evje og Hornnes

Det er påvist fire smittetilfelle av covid-19 i Evje og Hornnes kommune denne veka. I skulane og barnehagane i kommunen er 123 sett i mellombels karantene. I tillegg er 16 nærkontaktar til dei smitta sett i 10-dagars karantene.

Evje og Hornnes kommune fekk i går bekrefta det fyrste smittetilfellet sidan april, før prøvene i dag viste to nye tilfeller. I ettermiddag kom det melding om endå eit tilfelle - som ikkje skal ha samanheng med dei tre fyrste.

- Personen som er smitta har, sidan det oppsto mistanke om sjukdom før helga, levd isolert i heimen sin. Familien til den smitta har vore særleg påpasseleg og gjort alt rett. Eg vil berømme dei for måten dei har handtert denne situasjonen på, seier kommuneoverlege Åsulv Horverak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
To nye smittetilfelle i Evje og Hornnes i dag

Nærkontaktane til dei smitta, samt personar som kan ha vore i kontakt med desse, er no sett i karantene.

– Dette er gjort etter føre var-prinsippet. Det er til saman 123 personar som er sett i avventande karantene. Det er 16 nærkontaktar som er sett i vanleg 10-dagars karantene, sa ordførar Svein Arne Haugen tysdag kveld.

Karantene i skule og barnehage

Nærkontaktane til den smitta har tilknyting til skule og barnehage i kommunen, og difor vart desse tiltaka sett i verk frå og med tysdag.

Kommuneoverlege Horverak avgjorde onsdag at Evje ungdomsskule skal stengast i minst 10 dagar etter at ein elev der fekk påvist smitte. Vaksenopplæringa på Evjemoen blir også stengt.

Les også
Evje ungdomsskule blir stengt
– Smittesporingsarbeidet har gått bra, seier ordførar Svein Arne Haugen.

Aukar testkapasiteten

I samband med den nye situasjonen i kommunen har koronatelefonen i Evje og Hornnes fått utvida opningstid frå 8-15.30, og testkapasiteten i kommunen er auka.

Det er fem tilfeller av påvist koronasmitte i Evje og Hornnes kommune sidan utbrotet i mars. Sist tilfelle vart registrert i april.