Leiar for service, kommunikasjon og digitalisering, Astrid L. Andersen, og einingsleiar for kultur, Maya Hjertholm. Foto: Evje og Hornnes kommune

På leit etter gode digitale hjelparar til nytt tilbod

Evje og Hornnes kommune er i gang med å etablere eit tilbod om éin-til-éin datahjelp for dei som kjenner behov for det. Tiltaket er ein del av prosjektet «Digitale sammen», som skal styrke den digitale kompetansen til innbyggarar som er usikre på bruk av data og smarttelefon.

– For å få til eit bra tilbod, treng vi hjelp frå frivillige. Så dersom ein føler at ein meistrar å løyse kvardagslege oppgåver digitalt, er «sånn tåleg god» på data og smarttelefon, har litt god tålmodigheit og har lyst til å hjelpe, så ønsker vi at du tar kontakt, er oppfordringa frå kommunen.

Trygge innbyggarar

Leiar for service, kommunikasjon og digitalisering i Evje og Hornnes kommune, Astrid L. Andersen, er éin av to pådrivarar i prosjektet. Saman med einingsleiar for kultur, Maya Hjertholm, ønskjer ho å hjelpe innbyggarane i kommunen til å løyse oppgåver på ein lettare måte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kvardagen og samfunnet blir meir og meir digitalisert. Målet er å gjere det enklare for oss alle å kunne ordne ting sjølv. Dessverre er det mange som opplever den nye digitale kvardagen som vanskeleg. Vi har tru på at mange kan bli tryggare, viss dei bare får litt hjelp og støtte undervegs.

– Og då treng vi nokon som kunne tenke seg å sette av litt tid til å gje éin-til-éin-hjelp, skyt Maya Hjertholm inn. Ho nemner også at dei frivillige hjelparane vil få kurs og nødvendig opplæring i forkant.

Evje og Hornnes kommune