Valle skule er stengt i påvente av svar på fleire koronatestar.

Skulen i Valle stenger etter tilfelle av britisk virusmutant

Valle kommune fekk torsdag påvist eit tilfelle av britisk virusmutant. Fleire nærkontaktar i skulen gjer at denne blir stengt frå og med fredag, og det blir fjernundervisning til kommunen får meir oversikt over smittesituasjonen.

Alle nærkontaktar til den smitta vart kontakta i løpet av kvelden. Heile 69 innbyggjarar i kommunen vart testa før helga.

Valle kommune tilrår folk å ha heimekontor og avgrense talet på nærkontaktar. Kommunen har også innført munnbindpåbod til over påske.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Valle innfører påbod om bruk av munnbind