Agder Røde Kors stilte i går med fem køyretøy for å få heim elevane frå KVS-Bygland etter at det har blitt ein alvorleg smittesituasjon på skulen. (Foto: KVS-Bygland)

Stengte ned internatet: Røde Kors køyrte heim elevane

Internatet på KVS-Bygland er stengt ned etter smitteutbrotet. Beredskapsleiinga og kommuneoverlegen i Bygland rekvirerte tysdag ettermiddag Agder Røde Kors til å køyre heim elevane.

Nedre Setesdal Hjelpekorps i samarbeid med Arendal, Søgne og Vennesla tok oppdraget med å køyre heim elevane frå KVS-Bygland tysdag. Dei bidrog med fem køyretøy for å få heim alle elevane.

Heimkøyringa var todelt mellom dei som har testa negativt og er i karantene, og dei som har testa positivt. Dei som har testa negativt vart køyrt i minibussar der sjåføren sat bak ein plastvegg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hjelpekorpset har førebudd beredskapsambulansane og bistod i arbeidet med å få heim elevane som er frå Agder, Telemark, Rogaland og Bergen og som har testa positivt på korona.

Beredskapsambulansar blir brukt til dette for at sjåføren skal vere heilt sikra mot smitte, og slik at bilen kan få smittevask mellom oppdraga. Sjukekupeen i ambulansen er tett, så det kjem ikkje luft derfrå inn til mannskapa i bilen.

– Det er svært gledeleg at Agder Røde Kors Hjelpekorps hjelper Bygland kommune og KVS-Bygland i denne vanskelege situasjonen, seier kommuneoverlege Åsulv Horverak.

Les også
14 smitta med mutert virus på Bygland