Det er 12 år sidan Knut Tisland oppretta eige driftsselskap for Joker-butikken i Bjelland. Butikken har hatt fin framgang i åra han har hatt det daglege ansvaret, men no vil han at andre skal overta. Ida Therese Bjerland blir ny dagleg leiar frå årsskiftet.
Det er 12 år sidan Knut Tisland oppretta eige driftsselskap for Joker-butikken i Bjelland. Butikken har hatt fin framgang i åra han har hatt det daglege ansvaret, men no vil han at andre skal overta. Ida Therese Bjerland blir ny dagleg leiar frå årsskiftet.

Sikrar nærbutikken i Bjelland

Sjølv om Knut Tisland ønskjer å gi seg som handelsmann i Joker Bjelland, blir butikken driven vidare. Det vart klart på eit godt besøkt folkemøte i gymsalen på skulen nyleg.

Der vart det orientert om prosjektet som skal skape ny utvikling i bygda.

Selskapet Vekst Eiendom er eigar av buttikkbygningen, men Knut Tisland frå Laudal har hatt sitt eige driftsselskap i 12 år og vore dagleg leiar i butikken. No vil han over i anna arbeid, og Ida Therese Bjerland (28) er tilsett som ny dagleg leiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho tek til i jobb på butikken i desse dagar, men overtar leiarstillinga frå årsskiftet. Ho har m.a. bakgrunn frå ferskvareavdelinga på Eurospar på Hægeland, men er no busett på vestheia i Bjelland.

Har investert 1,5 mill.

-Butikken har i dag ei fin utvikling med årsomsetning på rundt 9 mill. kroner og med fleire bein å stå på, m.a. bibliotek, seier Odd Rolf Roland, dagleg leiar og styremedlem i selskapet Vekst Eigedom.

Selskapet som altså eig bygning og inventar i butikken, har i samarbeid med det statlege Merkur-programmet investert nesten halvannan million i utviklingstiltak i dei 12 åra som har gått.

-Me tenkjer heile tida på kva tiltak som kan etablerast for å utvikle nærbutikken ytterlegare, seier Odd Rolf Roland, styremedlem og dagleg leiar i selskapet Vekst Eiendom i Bjelland. Bygdeselskapet med 141 aksjonærar eig bygning og inventar i butikken.
-Me tenkjer heile tida på kva tiltak som kan etablerast for å utvikle nærbutikken ytterlegare, seier Odd Rolf Roland, styremedlem og dagleg leiar i selskapet Vekst Eiendom i Bjelland. Bygdeselskapet med 141 aksjonærar eig bygning og inventar i butikken.

Kjøpte industriområdet

No kjøper eigarane gjennom Kvimo Eiendom & Invest også driftsselskapet som Knut Tisland har hatt. Investeringsselskapet har som mål å utvikle næringslivet i Bjelland. Dette var også bakgrunnen for at selskapet for nokre år sidan også kjøpte Kvimoen industriområde der det tidlegare var byggevareforretning og bensinstasjon.

Bensinstasjonen er der framleis - og framstår som ein av dei rimelegaste drivstoffutsala i indre bygder. I tillegg har tidlegare ordførar Ånen Trygsland bygt ut eit velutstyrt varmesenter der. Rune Svendsen har overtatt verkstaden til base for si transportforretning.

Biblioteksuksess i butikken

Då Marnardal kommune ville legge ned bibliotekfilialen på skulen i Bjelland, fekk tidlegare ordførar Ånen Trygsland ei ”åpenbaring”. Kunne ein ikkje heller flytte biblioteket til daglegvarebutikken i Bjelland, tenkte han. Som tenkt, så gjort.

No er det tilsette i butikken som også tek seg av lånekundane på biblioteket. Med opningstid frå 9 til 18 kvar dag har boklånet gått i veret. Med nasjonalt lånekort kan bygdefolk, turistar og gjennomreisande låne bøker i Bjelland og levere dei inn att på Evje, i byen eller nær sagt kor som helst.

På toppen av det heile har daglegvarebutikken fått ei ekstra inntekt av bibliotekjobben.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bruktbutikk

Bruktbutikken Melkerampa i eit hjørne i butikken har også vore med på å auke aktiviteten.

-Bygda ønskjer fleire barnefamiliar, gjerne som på Sveindal der forgubbing er snudd til optimisme, og bygda har fått eige hornorkester, seier Odd Rolf Roland i selskapet som er opptatt av å utvikle nærbutikken i Bjelland.

Utviklingsselskapet Vekst Eiendom i Bjelland er eit bygdeaksjeselskap med til saman 141 aksjonærar.

-Det viser at det er brei støtte i lokalsamfunnet for det utviklingsarbeidet som no er i gang, seier Odd Rolf Roland i selskapet.

Han meiner det sterke engasjementet frå bygda som har stilt så villig opp, har vore heilt avgjerande for vidare utvikling.

-Gjennom denne aksjeteikninga har selskapet fått billeg kapital for å ta utviklingsarbeidet m.a. i daglegvarebutikken vidare. Me tenkjer heile tida på utvikling, seier han.

Odd Rolf Roland fortel at det no er planar om å investere rundt 800.000 kroner i nytt inventar, ombygging og opprusting av kjøkkendelen i butikken. Det skal kome både varmdisk og panteautomat.

-Gjennom effektivisering kan personalet frigjerast til andre oppgåver, seier han.