Gunnar Stubseid (t.v.) med fela Sigrid. Denne kjøpte Eivind Aakhus av Lars Fykerud i 1894, og fela vart seinare nytta av Dreng Ose. Hallvard T. Bjørgum sit med CD-ar, DVD-ar og tekst om Dreng Ose, og dessutan med hovudfela hans, laga av Torleiv Frøysaa i Hornnes i 1930. Denne fela nytta Ose til historiens første NRK-opptak av ein slått i 1934!
Gunnar Stubseid (t.v.) med fela Sigrid. Denne kjøpte Eivind Aakhus av Lars Fykerud i 1894, og fela vart seinare nytta av Dreng Ose. Hallvard T. Bjørgum sit med CD-ar, DVD-ar og tekst om Dreng Ose, og dessutan med hovudfela hans, laga av Torleiv Frøysaa i Hornnes i 1930. Denne fela nytta Ose til historiens første NRK-opptak av ein slått i 1934!

Viste seg fram i Oslo

Torsdag presenterte to spelemenn frå Hylestad kvart sitt monumentalverk innan folkemusikken på bransjetreffet Folkelarm i Oslo.

Hallvard T. Bjørgum kjem med CD-ar, DVD-ar og tekst om meisterspelemannen Dreng Ose, Gunnar Stubseid med bok om 50 feler gjennom 200 år!

Begge monumentalverka er ”aktivt bevis” på tyngda i søknaden om å få folkemusikken inn på Unesco sine lister over imateriell kulturarv. For her er det snakk om arkiv og kulturskattar, men utan tvil også ein levande kultur som er i aktivt virke også i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Felles for utgjevingane er nok nettopp det faktum at her tar ein for seg historikken, men viser også kulturen og utslaga han har i dag, seier Hallvard T. Bjørgum.

Dei to karane viser til at Stubseid si bok omhandlar feler som har vore og er i bruk, og Bjørgum si utgjeving inneheld både det gamle men også nye innspelingar der spelemennene i praksis demonstrerer korleis kulturen artar seg i dag.

– Det blir å sjå både attende og framover. Slik må det vere. Skal kulturen haldast i live må han brukast, slår Stubseid fast.

I Oslo

Gunnar Stubseid og Hallvard T. Bjørgum reiste frå Hylestad i går med Oslo som mål. I dag skal utgjevingane deira presenterast på bransjen sitt eige treff, Folkelarm. Folkelarm er eit bransjetreff med mål om å marknadsføre folkemusikk- og utøvarar for den norske og internasjonale musikkmarknaden. Treffet har blitt skipa til kvart år sidan oppstarten i 2005.

For Gunnar sin del er det målsnora for eit arbeid som har teke meir enn fem år.

– Eg har fått arbeidsstipend, og det gler meg veldig at Bokbyen Forlag har prioritert og satsa så mykje på utgjevinga. Det er med 50 feler i boka, og lagt ned mykje arbeid også med tanke på alle fotografia av dei flotte instrumenta. Så har det sjølvsagt vore viktig å få med historiane knytta til felene. I boka er det med mykje som ikkje har vore på prent før, seier Stubseid.

Om meisterspelemannen

Hallvard T. Bjørgum har altså dokumentert meisterspelemannen Dreng Ose med både CD-ar, DVD-ar og tekst.

– Dette er nok ei så innhaldsrik utgjeving at det krev litt tid å sette seg inn i alt saman. Både dette og det Gunnar har kome med viser kor sterk posisjon folkemusikken framleis har i dag. Det er stas å få vise fram ein kultur i levande live! slår Hallvard T. Bjørgum fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Unesco

Den norske søknaden om å få folkemusikken i Setesdal inn på Unesco sine lister over imateriell kulturarv ligg no klar til endeleg bedøming av alle aktuelle komitear. Søknaden blir handsama i Paris om eitt års tid.

Syster til Gunnar lanserer bok

Det er faktisk tre monumentalverk frå setesdølar som skal presenterast i Oslo denne veka.

Syster til Gunnar Stubseid, Vilborg Stubseid Hovet, legg fram det store bokverket ”Den illustrerte boka”, historia om norsk bokillustrasjon.

Mange har støtta både Gunnar Stubseid si bok om feler og Hallvard T. Bjørgum sine CD-ar, DVD-ar og teksthefte om meisterspelemannen Dreng Ose. Men ein kommune her i dalen sa butt nei.

– Eg fekk til slutt støtte frå bankane på Evje, men kommunen sa klart frå at denne delen av kulturen høyrde til lenger oppe i dalen. Har du høyrt på makan? Eg kontakta også ordføraren direkte, utan at det hjelpte, seier Hallvard T. Bjørgum.

– Det er jo påfallande at ved somme høve er også den offentlege delen av Evje og Hornnes kommune oppteken av kulturen. Dei går i skinnfu og viser stolt fram eigenarten. Så skal ikkje folkemusikken vere ein vel så vesentleg del som folkedraktene? Synd med slike haldningar, seier Gunnar Stubseid.