Chris Robin og Linda Simonsen på Skaiå var på plass under Landbrukets Dag på Evjemoen førre helg.

Økologisk satsing på Skaiå

På Skaiå i Iveland ligg den relativt nystarta marknadshagen Vår Lille Eventyrhage. Chris Robin og Linda Simonsen driv verksemda på andre året, og dei satsar på heimedyrka, økologisk grønt og sesongbaserte eigenproduserte varer.

-Ein marknadshage er ein hage av mindre areal kor ein dyrkar intensivt og mangfaldig. Namnet på marknadshagen vår oppstod då me var i etableringsfasen og fekk høyre at det var umogeleg å få til ein marknadshage med den steinete jordtypen som er her. Men så møtte me ein landbruksrådgjevar som var positiv og oppmuntrande til prosjektet, og jammen byrja det å spire og gro! Namnet er difor litt symbolsk, sidan me fann ut at det umoglege blei mogleg, akkurat som i eventyrverda.

Mikrogrønt og rabarbrasaft

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir dyrka mykje godt i eventyrhagen på Skaiå. Ein av bestselgarane er mikrogrønt, som er eit fellesnamn for unge og næringsrike spirer og blader. Dette er ein vekst som er tilgjengeleg i hagen året rundt, til alle årstider. Om sommaren går den eigenproduserte rabarbrasafta deira unna.

– Me pakka med oss eit heilt lass av rabarbrasaft til standen vår under Landbrukets dag, og hadde ikkje med ei einaste flaske heim att! Så no er det heilt tomt på lageret vårt for denne gongen.

Gamle dyrkemetodar

Paret tek i bruk gamle dyrkemetoder i hagen sin. Det ulendte terrenget blir utnytta når dei bruker dyrkeforma «Food forrest», på norsk oversett til matskog eller skoghage, som handlar om å plante grønsaker og andre matvekstar lagvis på ein måte som etterliknar naturen sine økosystem og autentiske mønstre.

Dei har også laga hugelbed. Hugel betyr haug, og når ein lagar eit hugelbed tek ein i bruk ein eldgammal teknikk som også tek utgangspunkt i naturen sitt eige økosystem. Ein legg stokkar, kvistar, lauv, møkk og nedbrytbart avfall lagvis, og let det kompostere over tid. Då held bedet på vatn og fuktigheit, slik at planterøtene som blir planta i bedet sjølv kan finne vatn i tørre perioder.

Fleire utsalsstadar

- Me er medlem i Økologisk Norge og er Debio-sertifiserte, det vil seie at me har godkjenning til å bruke Ø-merket som viser at produkta våre er økologiske. Under årets Øko-uke, som er ei nasjonal feiring av økologisk og biodynamisk landbruk, skal me ha open gard 30. september. I tillegg leverer me på Rekoringen ved Oddernes kirke, Bondens Marked på torget i Kristiansand og elles på lokale marknadar. Heime har me ei Vipps-basert sjølvbetjeningsbod som er open dagen lang.

Dyr og eventyrstier

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje berre freistande råvarer i hagen. Ein kan også helse på både sosiale kalkunar av rasen crøllwitzet og trivelege jærhøns, som er den einaste gjenlevande norske landrasen av høns. Høveleg nok finn ein også fleire eventyrstiar i hagen, som inneheld informasjon om korleis hagen er oppbygd, samt eit sandområde som borna kan leike i.

Planar framover

Eventyrhagen har hatt fleire besøk av barnehagen på Skaiå, som har vore med på planting og dyrestell. 1. klasse har også vore på besøk for å hjelpe med å plante og lære å lage hugelbed.

-Me ønskjer å utvikle matskogen vidare til å bli ein læringsarena for både store og små, med fokus på kulturarvsorter, økologi, bærekraft og matauke. Me har også som mål å få ut produkta våre til fleire aktørar, til dømes restaurantbransjen.