Til kvar trening på Åraksøyne stiller det opp over 20 motocrossinteresserte born og unge frå Valle og Hylestad. Foto: NMK Hylestad Snøscooterklubb

Interessa eksploderte etter lokal crosscamp

Motocrossinteressa har tatt seg kraftig opp blant born og unge i Valle. Tilskot på 80.000 kroner frå Norges Motorsportforbund skal stimulere til rekruttering, men oppslutninga tyder på at dette ikkje blir noko problem. – Det eksploderte etter crosscampen, fortel Merete Austad.

Midlane kjem godt med i NMK Hylestad Snøscooterklubb, der motorsportaktiviteten er organisert. Klubben hadde si siste ordinære trening på bane for sesongen på torsdag.

– Det byrjar å bli mørkt om ettermiddagane. Nå stiller me klokka i helga også, så då tenkte me det var greit å gje seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det seier Merete Austad som også fortel at det stiller opp minst tjue til kvar trening. Mange har investert i ny cross dei siste vekene, og totalt er det nå rundt 35 aktive born og unge.

– Dette er heilt enormt, synest me! Det er ikkje få gonger den siste tida at det har kome store kasser med utstyr i posten til unge på Rysstad som har bestilt seg nytt køyreutstyr, seier Austad.

I løpet av sesongen har det blitt fleire og fleire på treningane på Åraksøyne. Frå venstre: Torleif Håkon Helle, Eivind Austad Uppstad, Eivind Trydal Rysstad, Hammod Bougharyoun, Marius Mosdøl, Trym Voldseth, Ulvar, Hildegunn Aurora Mendez-Bjørgum og Ghassan Fouad Almijan. Foto: NMK Hylestad Snøscooterklubb

Då klubben arrangerte crosscamp saman med motorsportgruppa i Otra i august var det 56 deltakarar frå både Hylestad-klubben og Otra IL.

– Det eksploderte med medlemmar etter crosscampen. Då me starta i vår var det 4-5 på treningane, nå kan det vere opp mot 35, seier ho.

Ho trur det gode miljøet gjer at mange får lyst til å bli med.

– Det er eit veldig fint miljø, og det er jo noko me har fokus på. Alle ungane helsar på kvarandre og oss på vaksne kvar gong dei kjem, og det er ein veldig hyggeleg og trygg arena.

Les også
55 på crosscamp for born og unge på Åraksøyne

Nytt utstyr og fadderordning

Den nyleg erverva støtta frå Norges Motorsportforbund kjem også godt med i arbeidet med å bygge opp motorsportmiljøet i Hylestad og Valle.

– Frå NMF fekk me 80.000 kroner til rekruttering, full pott av det me søkte på. Dei kunne fortelje at det i år var mange søknadar inne og hard kamp om midlane, seier Austad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klubben har sett eit totalbudsjett på 115.000 kroner til fornying av utstyr, crosscamp og ulike andre tiltak i tida som kjem.

Hildegunn Mendez-Bjørgum er ei av dei som stiller opp på kvar einaste trening på Åraksøyne. Foto: NMK Hylestad Snøscooterklubb

– Me skal bruke noko på marknadsføring for å få fleire med, det blir investert i ein del nytt sikkerheitsutstyr som brynjer og hjelmar så fleire kan låne dersom dei vil prøve og me skal ha interne konkurransar med premiar. Neste år vil me også få i gang ei fadderordning, slik at dei eldre og meir erfarne kan trygge dei yngre som vil bli med, seier Austad.

Sigrid Johre-Øygarden, Ånond Johre-Øygarden og Birk Aamli. Det er Sigrid sin nye cross som Ånond sit på. Foto: NMK Hylestad Snøscooterklubb

Mange frivillige

Den aukande interessa for motocross blant born og unge gjer at det også har blitt større behov for fleire vaksne til å legge ned ein innsats for klubben.

– Me har hatt fleire store dugnadar, både ute på banen og med å ruste opp klubbhuset innvendig. Det er også fleire som har tatt sikkerheitsleiingskurs, fortel Austad.

Neste steg er å skaffe midlar til å gjere noko med utsida av klubbhuset.

– Det har vore ein veldig tilvekst av foreldre som engasjerer seg. Og det er mange som fortel at dei synest det er så moro at det er aktivitet her att. Det er opent for kven som helst som vil kome og sjå her. Me har open kiosk og alltid kaffi på kanna, seier Austad.

Fleire av dei unge førarane har investert i ny cross i det siste. – Det tyder på at interessa vil halde seg framover, seier Merete Austad. Foto: NMK Hylestad Snøscooterklubb