Frank Uleberg er ein av dei tre trenarane som gav dei unge gode råd om køyreteknikk under crosscampen. – Når de køyrer rundt nå, så skal de sjå meg i augene når de kjem over toppen, instruerer Frank Uleberg. Dei minste øver på å løfte blikket frå sykkelen.

55 på crosscamp for born og unge på Åraksøyne

Crossmiljøet i Setesdal veks. 55 deltakarar frå dei to motorsportklubbane i dalen møttes for å køyre, trene og bli betre kjent ei heil helg. – Me har hatt felles treningar før, men dette er fyrste crosscampen, fortel Frank Uleberg i Otra IL som saman med Merete Austad frå NMK Hylestad Snøscooterklubb stod for gjennomføringa.

Deltakarane som kom til Åraksøyne for å bli med på crosscamp var mellom 5 og 25 år. At det skulle bli så mange som 55 deltakarar, kunne arrangørane berre drøyme om.

– Responsen har vore heilt enorm! Me tenkte at me måtte ha minst 16 påmeldte, og inntil 36. Men på tre dagar vart det fullt, og me bestemte oss for å utvide. Me klarte ikkje å seie nei til dei som ville vere med, seier Frank Uleberg i Otra IL Motorsport.

Artikkelen held fram under annonsen.

God rekruttering

Hylstringen Geir Uppstad hadde med seg den yngste deltakaren, Dreng, og veslebror Bjørn som må vente endå eit år før han kan køyre. Geir er også ein av dugnadsarbeidarane som har lagt ned ein stor innsats med å ruste opp klubbhuset ved banen.

– Det er i grunnen fyrste året ein har kunne brukt banen, så det er moro når dei små kan få køyre her, seier han.

Geir Uppstad med sonen Bjørn som var med for å kikke på storebror på crossbanen.

Teknikk og trening

Deltakarane vart delte i tre grupper til treningane. Frank Uleberg, Søren Beckmann og Steven Larsen følgde dei unge opp i kvar sine grupper. Crosskøyrarane fekk trene både på teknikk, balanse og køyring på banen.

– Det er veldig moro med hopp og å køyre fort, seier Tellef Bakke Harstad (t.h.) Her med Daniel Haugå Løyland og Olai Voldseth (fremst) på crosscampen på Åraksøyne.

Trenarane var opptekne av at dei unge deltakarane skulle få kjenne på meistring i sporten, og ha det moro på banen heile helga.

Men det er ikkje berre fagkunnskap som trengs for å få til ei heil helg med crosskøyring. Mange foreldre stilte opp som flaggvakter, grillmeistarar, vaskehjelper og ryddehjelper.

Crosskøyrar Steven Larsen frå Vennesla er trenar for Otra IL Motorsport. Her sette han dei unge i gang med balansetrening.
Det var ikkje få av deltakarane som fortalde Setesdølen at det som er aller mest moro er hopp.

Nettverksbygging mellom klubbane

– Det sosiale er også ein viktig del av crosscampen, og byggje nettverk mellom dei to klubbane, seier Merete Austad i NMK Hylestad Snøscooterklubb.

Som vertskap for arrangementet får hylstringane skryt av klubben i sør.

– Me må takke Merete for ein fantastisk innsats i forkant og under gjennomføringa av crosscampen. Utan ein kjempeinnsats av ho og gjengen på Hylestad hadde ikkje dette vore muleg, seier Uleberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Merete Austad og Frank Uleberg frå dei to motorsportklubbane i Setesdal håper crosscampen bidreg til at miljøet veks og fleire interesserer seg for sporten.

Stor dugnadsgjeng

Sjølv om Otra ligg eit stykke føre med tanke på medlemer i motorsportgruppa, fortel Austad at også motocrossmiljøet i Valle og Hylestad veks.

– Så håper me jo at ei slik helg gjer at endå fleire vil kome på treningar, seier ho.

I fjor vart det lagt ned ein stor jobb med banen på Åraksøyne, og i år vart klubbhuset pussa opp og det vart sett inn nytt kjøkken. Alt saman gjort på dugnad både av aktive medlem og foreldre til rekruttane.

– Det er takka vere gode sponsorar og ein enorm dugnadsgjeng, seier Austad.

Deltakarane fekk god til å trene på banen på Åraksøyne, men måtte gje seg då regnet kom for fullt.

Sidestilt med andre idrettar

Frank Uleberg fortel at arrangementet er ein del av planen om å byggje opp under framgangen dei unge i crossmiljøet alt har hatt, og å få dei til å ville halde fram med sporten.

– Det handlar om å gje dei den støtta dei treng. Vise at sporten er sidestilt med andre idrettar, og at det ikkje er berre pøblar som driv på, seier han.

I Otra IL har Motorsport blitt ei av undergruppene på lik linje med andre greiner som ski, fotball og handball.

Mange av deltakarane på crosscampen kom frå Otra IL Motorsport. Her Aksel Omland Jørgensen frå Flatebygd som legg frå seg brillene før han skal trene balanse på sykkelen.

Vil ha med fleire jenter

Til Åraksøyne kom deltakarar frå mange ulike stader. Men endå er majoriteten av crosskøyrarar gutar, noko det absolutt ikkje treng å vere.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leah Byremo frå Hornnes var ei av jentene som hadde det moro på crosscamp.

– Det er veldig gøy å køyre, og særleg det å hoppe synest eg er moro, sa 8-åringen.

Leah har køyrt cross i tre år allereie. Sjølv om ho mest sannsynleg får med seg veslesyster til neste år når ho er gamal nok til å bli med, kunne ho tenke seg at endå fleire jenter blir med.

Leah Byremo frå Hornnes er ei av jentene som køyrer cross. Ho vil gjerne ha med fleire, og fortel gjerne kvifor: - Det er veldig moro å køyre, og særleg det å hoppe.

Trond Skjeggedal deltok som forelder på campen, og har ei dotter som køyrer. Han håper også at fleire jenter vil bli med i sporten.

– Eg trur det er viktig å få med fleire jenter. Ikkje berre fordi det er like moro for dei, men også for at dei jentene som alt er med ikkje fell av, seier han.

Det er i dei to motorsportklubbane lagt opp til låg terskel for å prøve seg på banen. Til sjølve campen sponsa Otra og Hylestad litt av avgifta for deltakarane, og til treningar er det muleg å få låne både cross og nødvendig utstyr for dei som vil bli med og køyre.

Sjå fleire bilete frå crosscampen på Åraksøyne: