I desse lokala der lensmannskontoret på Evje tidlegare heldt til, mellom bedehuset og Intersport, skal klesbutikken Elma opnast i gateplan 1. november.
I desse lokala der lensmannskontoret på Evje tidlegare heldt til, mellom bedehuset og Intersport, skal klesbutikken Elma opnast i gateplan 1. november.

Ny klesbutikk på Evje 1. nov.

-Klart det blir spennande, men me er optimistar, seier Elin Engesland som saman med Marte Klungeland Meland opnar ny klesbutikk i Evje sentrum 1. november.

Dei satsar på unge, friske motar for unge damer i 20-30-årsalderen, men lovar også å ha eit breitt utval for alle aldersgrupper frå babyar til ungom og vaksne kvinner og menn.

-Me kjem til å ha kjende merke, men satse litt på at yngre folk skal finne noko av interesse, seier dei to som begge har vore i arbeid på Nille-butikken i mange år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elin er tante til Marte, og butikknamnet er altså ein kombinasjon av fornamna til dei to initiativtakarane.

-Etter 15 år på Nille kjenner eg handlemønsteret på Evje ganske godt. Eg veit at det er stor gjennomgangstrafikk i tillegg til dei fastbuande. Det gjer at det er eit poeng å ha så variert og allsidig tilbod som råd er for å få hyttefolk og turistar til å stanse. Di meir me har av butikkar og varetilbod, di fleire er det som vil gje seg tid til å handle her på Evje, seier Elin Engesland.  Ho er ikkje oppteken av at det alt er 6 klesbutikkar på Evje i tillegg til det som to sportsbutikkar har å by på av klesplagg.

-Me har planar om ein litt annan sjanger enn det som finst her i dag, så me har god tru på at dette skal lukkast, seier ho.

Marte har vore ekstrahjelp på Nille i 5 år, og elles arbeidt på den kristne vidaregåande skulen KVS-Bygland. Som Elin kjem også ho frå Evje, men ho er no busett i Eiken.  Pendling til Evje er likevel akseptabel avstand.