Silje Berge (t.v.) og Jeanette Birkeland sparkesyklar frå Kristiansand til Hovden denne helga. Turen kjem til å ta over 33 timar!
Silje Berge (t.v.) og Jeanette Birkeland sparkesyklar frå Kristiansand til Hovden denne helga. Turen kjem til å ta over 33 timar!

Sparkesyklar frå Kristiansand til Hovden!

Jeanette Birkeland (33) og Silje Berge (22) sparkesyklar frå Kristiansand til Hovden no i helga. Dei er framme midt på dagen i dag. Då har turen teke 33 timar!

Turen tok til fredag morgon. Bakgrunnen for den svært spesielle "ekspedisjonen" oppover Setesdal er eit veddemål. I fjor klarte dei to å fullføre Color Line Setesdal Tour utan å trene i forkant.

- Me beviste at det gjekk, så i år måtte me finne på noko anna "kødd", humrar Jeanette, som altså framleis sparkar seg oppover riksveg 9 saman med Silje.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har passert Bykle, og er framleis ved godt mot, seier Birkeland.

Har ikkje sove

Dei har ikkje hatt sovepausar under turen. 

- Me har fått ein del rare blikk frå bilistar, ler jentene, som set seg i bil for å kome ned att til Kristiansand laurdag ettermiddag. Truleg kostar dei på seg ein dusj og eit godt måltid først. 23 mil på sparkesykkel merkast nok godt.