Tor Kristian Ellingsberg (t.v.) på Loland i Øvrebø og ekteparet Lisbeth og Knut Føreland på Hægeland vart premierte med sølvtiner og blomar under mjølkeprodusentane sitt årsmøte på Evjetun nyleg. Dei hadde levert plettfri mjølk i 20 år samanhengande!

Plettfri mjølk i 20 år: Sølvtine-vinnarar

Det mest høgtidlege under mjølkeprodusentane sine årsmøte er som regel avslutninga. På tampen av ein lang kveld blir gjerne trufaste kvalitetsleverandørar hylla.

Slik var det også på årsmøtet i Se-tesdal produsentlag på Evjetun nyleg. Etter årsmelding og rekneskap med oppløftande melding frå TINE-leiinga om historisk etterbetaling på 6 kroner og 26 øre pr. liter for mjølka, 30 øre meir enn året før, kom altså premieringa for eit par produsentar som har levert førsteklasses kvalitetsmjølk i 20 år samanhengande.

Det var Tor Kristian Ellingsberg på Loland i Øvrebø med plakett, og Lisbeth og Knut Føreland ikkje så langt unna. Dei held til eit stykke vestover frå Hægeland mot Bjelland. Alle fekk dei flotte sølvtiner for solid innsats gjennom så mange år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgare etterbetaling

Rådmedlem Cathinka Jerkø gav på årsmøtet klar melding ut om at TINE er eit solid selskap som altså for siste rekneskapsåret har etterbetalt medlemmene rundt 1,4 milliaredar kroner på mjølkeprisen. Ho la ikkje skjul på at utviklinga med ekstra store kostnader i næringa hadde gjort sitt til at konsernet hadde prøvd å strekke seg ekstra langt denne gongen.

På møtet kom det frå fleire hald krav om høgare målpris, altså den maksimumsprisen som blir sett på jordbruksvarer. Ein auke i denne vil kunne betre økonomien i landbruket, også for mjølkeprodusentane, vart det sagt. Når TINE-leiinga har vore tilbakehalden, er det m.a. fordi ein er redd for å miste volum, som det vart sagt.

Må ha produsentar

-TINE må vise sterkare vilje til å auke målprisen, for det er eit spleiselag som må til for å sikre framtidig matproduksjon i dette landet, vart det understreka frå dei frammøtte.

-Vår andel av mjølkesalet går ned. Det er viktig for TINE å ha ei positiv utvikling i marknaden, sa Cathinka Jerkø.

-Men mjølkeprodusentane kjenner seg pressa. Dei må ein behalde for å ha mjølk å omsette, sa ein av dei, Trond Steinar Løvdal frå Vennesla.

-Det er viktig med innspel frå lokallaga. Ein kan ikkje berre sitje og gape som ein fisk på land, sa Alv Vinjerui frå Hægeland.