Stormøte på Revsnes om vedproduksjon

Tysdag i neste veke trommar det nyskipa Bygland Næringslag og skogeigarlaget i Bygland saman til stormøte på Revsnes Hotell med vedproduksjon som tema.

Selskapet Trekraft AS i Bjelland er nyleg ferdigstilt som den største vedfabrikken i landet og er følgjeleg på jakt etter trevirke til den industrielle vedproduksjonen som er starta der. Med tanke på den kraftige auken i prisen på elektrisk straum er det fleire og fleire som satsar på vedfyring. Det har fått prisane også på fyringsveden til å gå kraftig opp. Det betyr igjen at det ligg meir pengar for skogeigarane i å omsette veden som gjerne følgjer med når det blir teke ut større tømmerdrifter.

I skogane i Setesdal har det blitt hogge mykje siste åra på grunn av dei gode tømmerprisane. No blir skogeigarane oppmoda om å sjå på økonomien i lauvtrevirke levert til f.eks. fabrikken i Bjelland. Både styreformann Arne Roland og styremedlem og investor Frank Håland, opphavleg frå Moisund, blir med på møtet tysdag og gjer meir enn gjerne avtalar med potensielle råstoffleverandørar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bygland Næringslag er skipa nettopp for å skape ny fart i næringsutviklinga i kommunen og legge til rette for at det kan hentast ut meir av dei naturlege ressursane i distriktet. Målet er å få fram kommersielle løysingar som kan setjast i verk straks. Då er nettopp råstoff til vedproduksjon meir aktuelt enn nokon gong. Difor er det å vone at mange vil nytte høvet til å skaffe seg meir informasjon og inspirasjon på Revsnes-møtet tysdag 25. oktober.