Jul betyr så mykje forskjellig for folk. Send oss gjerne eit glimt av korleis du brukar dei raude dagane.

Korleis feirar du jul?

Det finst nok like mange ulike tradisjonar for julefeiring som det finst menneske. Nokre feirar på gamaldags vis med tradisjonar som har vore i familien i generasjonar attende, der gjerne mat og tid er viktige element.

Andre vil helst gjere heilt andre ting juledagane, og kjenner kanskje også på eit behov for å ikkje synke inn i tankar og einsemd i ei tid som ofte kan framkalle nettopp dette.

Andre att har på seg arbeidshanskane eller uniformen alle dei raude dagane, og gjer sitt for å halde eldre mette og fornøgde, vegane brøytte og strødde eller hjelpeliner operative. Korleis feirar du jul i år?

Artikkelen held fram under annonsen.

Send oss gjerne eit bilete eller nokre ord frå jula di heime, på reise eller på jobb til Setesdølen på Messenger eller til sigrid@setesdolen.no.