Homme og Tveitebø grendehus i Valle er eitt av fem forsamlingshus som får driftstilskot av kommunen.

Alle grendehus i Valle kommune får 20.000 kr

Under budsjettmøtet i Valle før jol gjekk dei folkevalde inn for at alle grendehus i kommunen skal få eit driftstilskot på 20.000 kr. i år. No blir pengane utbetalte.

I vedtaket er kommunestyret oppteken av å få fram at grendelag og frivillig arbeid bidreg til levande lokalsamfunn og ikkje minst trivsel i bygd og grend.

– Grendehusa er ein god møteplass som bør støttast opp om, heiter det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den årvisse driftsstøtta går til alle dei fem grendehusa i kommunen, Treungen, Fjellro, Brokke/Garane, Homme og Tveitebø og Oveinang. Kvart grendehus får altså 20.000 kroner.