Den flotte framsida på kalenderen frå Hylestad bygdekvinnelag med utsøkte månebilete frå Bjørg Ragnhild Trydal Jansen heile året igjennom neste år.

Eventyrlege bilete i kalender frå Hylestad

Viss du vil sjå månen kome trillande langs fjellsida, eller oppleve han som ein rund og god vaktar over Straumsfjøddet? Kanskje du har høyrt om storkvedaren Hallvard Haugen frå Haugen på Hovet, som mista hesten sin på Langeidsheii og aldri fann han att. Augustbiletet på den nye «Månekalenderen» frå Hylestad bygdekvinnelag knyter seg til nettopp den soga.

Og stevet etter Hallvard er med: Eg hella hesten med Kjikestrondi som blei den fysste og seiste gongji. Det har blitt eit eventyrleg motiv takka vere meisterfotografen Bjørg Ragnhild Trydal Jansen, for viss fotografering også kan vere kunstnarlege uttrykk, så er dette kunst.

Hylestad bygdekvinnelag har aldri gitt ut kalendrar før, så i år ville dei prøve å gjere noko litt annleis enn det vanlege i slike kalendrar, seier Kirsten Bråten Berg i bygdekvinnelaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utsøkte motiv

Og eit spesielt produkt har det verkeleg blitt, med utsøkte motiv av månen på kalenderblada heile året igjennom.

Med tilhøyrande stev, fleire gamle og velkjende, men også nokre nye frå Kim Rysstad og Hallvard T. Bjørgum har presentasjonen blitt ein heilskap som beint fram gjer det hyggeleg å bla seg gjennom årstidene. Med «Månekalenderen» på kjøkkenveggen gjer det ikkje noko om «Tidi renne å alli snåvar», som det heiter i Tarald J. Uppstad sitt framsidestev, for hesten tråvar og folket stråkar «Fysst ti Straume å så ti Ose, så tråva hesten i måneljosi» som det heiter på eit anna kalenderblad med tilhøyrande trillrund månenatt.

Stemningsfullt

Vårkveldar og ikkje minst netter i måneljos har vel dei fleste opplevd, men Bjørg Ragnhild Trydal Jansen sitt motiv for mars er henta frå vår i fjellet og med ein måne som det mest ser ut som kjem trillande nedover. Stevet nedunder minner likevel om det motsette som skjer: De sæle syn sjå fysst soli stige, å månen opp ive lii stige.»

Mykje kjærleik

Det er mykje kjærleik og lengt i dei gamle steva. «Måneljosi bind trylte bånd», som Hallvard T. Bjørgum seier til eitt av bileta, og månen med måneljoset i mange variantar høver som hand i hanske til mykje av det drøymande ein finn i steva. «Du vene vårnott, du ljose stundi, det fysste møti va her oppundi», heiter det i april, eller som Kim Rysstad diktar i månaden etter: «Om du æ borte, så æ du mæ meg, i måneljosi dæ som eg ser deg.»

Trolsk stemning

Månebileta er stadig like eventyrlege, i fargar eller svart/kvit, alltid i eit uttrykk som slett ikkje nokon kvar kunne ha fått fram. Sommarbiletet i juni er eineståande med kjempemånen og silhuetten av støylsbua, ei trollsk stemning og teksten: «Du vene Straumsfjøedd, du stolte håge, fysst mi lyt siljast, kjem eg ti gråte.»

Haustnatt

Med haust og vinter forsvinn også noko av fargane i naturen, men månen er der likevel og gir blenk i kvitrima greiner:

«Dæ kje lauvi å blomen fin, men det æ fagert itt månen skin.»

Me kjenner oss trygge på at Bjørg Ragnhild Trydal Jansen har brukt mange timar med fotoapparatet for å skaffe seg så mange eineståande motiv til ein kalender som både ho og Hylestad bygdekvinnelag skal ha all ære av.