Torbjørg Mosdøl til minne: No kviler alle tankar

Som barn

du åtte heile verda vid

Artikkelen held fram under annonsen.

og barndomsdraumar yrde

langs din stig.

Den vene Bossvass-strand

tok merke av din fot

då du kom springande

igjennom grøne skog.

Som jente

fekk du dine skuleår

Artikkelen held fram under annonsen.

med aning som vart visse

kvar ein vår.

At ånd som ritast

inn i livsens ting

legg røyndom inn

i kvinnas tankering.

Som ungdom

vandra du på Nordbygdjord

Artikkelen held fram under annonsen.

og andlet smilte vent

mens guten fekk ditt ord.

Du vart ei kvinne kjær

for Dreng frå Mosdøls li

og framtidsplanar forma

dykkar nye liv.

Dei mange år

ved vakre Byglandsfjord

Artikkelen held fram under annonsen.

med mann og jenter små

du fekk så mykje gjort.

Di omsorg famna alt

og spegla tanken god

så djupt og kjært

du forma heimens ord.

Novemberlys

med auga vendt mot himlen

Artikkelen held fram under annonsen.

då pusten din vart still

og krafta slapp di hand.

Ditt hår låg ljost og mjukt

lik fyrste snøen

der alle tankar kvilde

merkt av skaparhand.

Torbjørg Mosdøl til minne.

Fødd 23.11.1924, død 21.11.2022, nesten 98 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med takk for venskap og omsorg for slekt og vener frå Bykle og andre stadar.

OLAV H. MOSDØL