Til å narre borna med

Det var moro å lese om den gamle innretninga ”Rumpedraget” som vart omtala i Setesdølen tysdag, seier Anny Haugland på Evje.

Ho trur det helst var noko ein berre narra ungane med. Det liknar då ei griserumpe, og eg minnest frå barndommen at det vart nemnt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torleiv Vikstøl budde på andre sida av Vikstølvatnet, men kom over til oss for å hjelpe til med griseslakting. Eg var berre ein jentunge, og eg minnest han sa til meg: ”Kan du springe til Kleveland og låne rumpedrag?” Eg trur ikkje det var verktøy eller reiskap av noko slag, men berre noko dei hadde litt moro med, seier Anny Haugland.