Blir ny politistasjonssjef: – Ein jobb eg har hatt lyst på lenge
Kim Asbjørn Haugen er tilsett som ny politistasjonssjef og etterfølgjar etter Sigurd Langeid. – Gler meg til å ta fatt på arbeidet, seier han.
Kim Asbjørn Haugen tek til som ny politistasjonssjef i Setesdal 1. september. Han overtek stillinga etter Sigurd Langeid som går av med pensjon frå same dato.
Jan Terje Aas er driftseiningsleiar i Midtre Agder og fortel om tilsettinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me er veldig fornøgd med den jobben Sigurd har gjort. Han har vore ein bauta i politiet i Setesdal, seier Aas.
Brei erfaring
Kim Asbjørn Haugen er 43 år, men har brei erfaring frå fleire ulike stillingar i politiet frå 2005 og fram til i dag.
–Me har stor tru på at Kim Asbjørn Haugen vil gjere ein god jobb som politistasjonssjef, seier Aas.
Haugen har vore lensmannsbetjent, etterforskingsleiar og er i dag politifagleg etterforskingsleiar for Felles straffesaksinntak (FSI).
Har førebudd seg på oppgåva
Haugen vart formelt tilsett 30. mai, og tek til i stillinga 1. september. Han gler seg til å kome tilbake til Setesdal.
– Det er ein jobb eg har hatt lyst på lenge, og eg har førebudd meg så godt eg har kunna for å bli kvalifisert for stillinga. Eg gler meg til å kome tilbake til Setesdal, og det er eit veldig veldrive kontor som eg tek over, seier han.
Tilbake til Evje
Han var tilsett på Evje i fast stilling frå 2007 til 2017, og seier det blir spennande å jobbe på Evje i ei ny rolle.
– Eg føler eg har god kjennskap til distriktet og brenn veldig for det lokale politiet. Det blir spennande med nye arbeidsoppgåver og eg ser fram til å arbeidet i Setesdal igjen, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.