Elisabeth Leifsen håper på godt frammøte.

Gjenbruksbutikken opnar i større lokale

Førstkomande laurdag kl. 11 er det gjenopning for den populære gjenbruksbutikken som Det norske misjonsselskap (NMS) har hatt på Evje i mange år.

Etter at Setesdalstrykk avvikla verksemda si, har gjenbruksbutikken overtatt ein del av lokala der. Dermed har ein fått mykje betre utstillingsplass til f.eks. møblar.

– Det blir pangopning med opptil 50% rabatt på mange varer, seier Elisabeth Leifsen som er aktiv i den utvidinga som butikken no får.

Artikkelen held fram under annonsen.

Folk frå heile distriktet er velkomne til ein spennande opningsdag fram til kl. 15.

– Etter at Setesdølen i fjor haust skreiv om planane våre for butikken, har kundane venta utolmodig på når dette skulle skje, seier ho. Nå skjer det!!

Etter 18 år som bruktbutikk blir det laurdag også opna møbelavdeling. I 6 år har det rett nok vore lagra møblar på Evjemoen, men det var ikkje særleg praktisk, og marknadsføringa har blitt deretter.

Kaker frå naboane

Naboane til Gjenbruksbutikken, Spar og Rema 1000 syntest også at dette var noko å feire. Dei har spandert kaker som skal delast på kundane så langt det rekk.

Mykje dugnadsarbeid ligg bak gjenopninga laurdag. Det har blitt måla, snikra, skrudd og ordna, ikkje minst vindaugspussing.

– Stor var gleda då Odde Sagbruk sponsa måling. Me har heldigvis også fått støtte og hjelp av folk som vanlegvis ikkje er i butikken, seier Elisabeth Leifsen.

Gode inntekter

Det er godt gjort å ha halde det gåande i 18 år. Folk har kome med ting som kunne seljast, og mange har kjøpt ting. Alt saman har gitt gode inntekter til misjonen.

– Me har gjerne noko som kan passe både den eine og den andre. Kanskje «prikken over i-en» eller noko du har vore på jakt etter lenge – kanskje har me noko du ikkje visste at du trong. Kanskje møblar som kan brukast på ein hybel eller til dei som skal etablere seg for første gong, seier Elisabeth Leifsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Flyktningane

I Setesdal er det mange flyktningar – mange leiligheter som skal settast i stand, og flyktningane kan kanskje sjølve finne noko greitt, seier ho.

Butikken tar i mot møblar, klær og fleire ting andre kan ha nytte av.