KOSTNADER: Knut Hagen og Høgre meinte prosjektet med kultursenter burde greiast ut på nytt for å få ned kostnadene.

Knapt fleirtal for bygging av kultursenter neste år

Det blir nytt kultursenter i Valle neste år. Sjølv om opposisjonen meinte det måtte prosjekterast på nytt.

Det knappe fleirtalet til Sp og Ap i Valle sikra bygging av nytt kultursenter neste år.

Høgre og Bygdelista i Valle kom med eit alternativt framlegg og meinte ein måtte ha ein ny runde for å sjå på kostnadane ved kultursenteret.

Artikkelen held fram under annonsen.

For dyrt

I debatten om budsjettet åtvara opposisjonspartia om høge kostnader.

– Me burde snu kvar einaste stein for å sjå på kostnadane, og bruke 2024 til å finne eit nytt planforslag. Slik at det vert byggjestart tidlegast i 2025, sa Knut Hagen (H).

Steinar Nomeland frå Bygdelista meinte prosjektet med kultursenter hadde sklidd heilt ut.

– Det er stort potensiale for innsparingar om ein prosjekterer det på nytt. Slik det ser ut no verkar det som om ikkje arkitekten har måtte halde seg til nokre økonomiske rammer. Me vil ha kultursenter me også, men ikkje til denne prisen, sa han.

Fleirtalet vedtok formannskapet si tilråding.

– Nye Valle kultursenter utan klatrehall vert lagt inn i budsjettet med oppstart i 2024. 40 millionar kroner i 2024, 53 millionar kroner i 2025.