Meieristyrar på Byglandsfjord, Tor Kåre Helland, blir pensjonist ved utgangen av februar neste år.
Meieristyrar på Byglandsfjord, Tor Kåre Helland, blir pensjonist ved utgangen av februar neste år.

Meierisjefen på Byglandsfjord sluttar

Meierisjefen på Byglandsfjord gjennom dei siste 20 åra, Tor Kåre Helland (63) sluttar i stillinga ved utgangen av februar.

I utgangspunktet blir han pensjonist, men berre framtida vil vel vise kva den tiltaksame meierisjefen finn på. Han kom til Byglandsfjord i 1998 etter 25 år ved meieriet heime på Vikeså i Bjerkreim. 

Starta som 17-åring

Tor Kåre Helland starta i meierisamyrket som 17-åring og har gått gradene. I Setesdal har han vist evne og entusiasme til å løfte det nedleggingstruga meieriet til eit utstillingsvindauge for nisjeproduksjon, først og fremst smør i mange variantar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein like entusiastisk arbeidsstokk sikrar  11 lokale arbeidsplassar!