Damene fekk seg ein fin digital sykkeltur gjennom kommunen. Her er dei innom Evje sentrum. Den nye filmen til Evje Folkehøgskole motiverte til aktivitet.

På sykkeltur gjennom kommunen

–Me er så fornøgde med at folkehøgskulen ville gjere dette for dei eldre. Dei har gjort ein kjempejobb, sa Anne Marie Birkeland i frivilligsentralen då ein heilt ny sykkelfilm vart presentert denne veka. Elevar ved Evje Folkehøgskole har filma, klypt og redigert ein film frå nærområdet som vart tatt godt i mot av eit trimlystent publikum.

Pedalane gjekk på aktivitetssenteret på Evjeheimen då den nye sykkelfilmen vart presentert.

–Det er veldig moro å sjå kor glade dei vart, sa Quentin Schalk, ein av folkehøgskuleelevane som har vore med å lage filmen frå Evje og Hornnes. Eit samarbeid med Aktivitetssenteret og Frivilligsentralen som vart sett stor pris på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Astrid Smeland (t.v.) og folkehøgskuleelev Lene Marie Brede tok pedalane fatt til den nye sykkelfilmen. Anne Marie Birkeland (bak) frå Frivilligsentralen på Evje var svært fornøgd med arbeidet elevane ved folkehøgskulen har lagt ned for dei eldre.

Dei har tatt utfordringa med å sykle rundt i kommunen, filme, klyppe og redigere ein film som nå skal bli brukt til både motivasjon og trimglede for dei eldre som kanskje ikkje er like mobile som før.

Dei kan nå anten sykle eller bevege seg på anna vis til det flotte landskapet langs vegane i heimkommunen sin.

–Me har sykla roleg på vegane for å gjere det realistisk, sa elevane.

Arbeidet med filmen har gjort dei betre kjent i kommunen der dei går på folkehøgskule eit år.

Synnøve Wiberg (t.v.) og Anne Marie Langeid fekk opp farten då dei fekk sykle til filmen gjennom Evje og Hornnes.

Samspel med lokalmiljøet

–Me har heile tida vore opptatt av å vere aktive i nærmiljøet, og har hatt eit klart ønske om å ha eit samspel med bygda, sa rektor ved folkehøgskulen, Aslak Brekke.

Han fortalte korleis arbeidet med filmen både har hatt ein verdi for elevane sidan dei har blitt betre kjent med nærområdet, og ved å kunne gjere noko bra for dei eldre i kommunen. Når samfunnet opnar endå meir opp håper han å få til mykje meir samarbeid med folk i Evje og Hornnes, men også oppover dalen.

Synnøve Wiberg frå Evje og Reidun Løvfall frå Hornnes fekk servert marsipankake etter treningsøkta med ny film frå heimkommunen.

Motiverer til aktivitet

–Alt som kan bidra til meir aktivitet blant eldre synest me er veldig bra. Elevane har gjort eit kjempearbeid med filmen på denne måten, sa Anne Marie Birkeland frå frivilligsentralen.

Ho meiner mange vil ha stor glede av filmen som nå kjem til å bli vist både på aktivitetssenteret på Evjeheimen, Hornnesheimen og på romma til dei som vil trimme litt der.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sandra Marlen Bukkøy (t.v.), Lene Marie Brede, linjelærar Erlend Hillestad og Quentin Schalk frå Evje Folkehøgskole fekk mykje skryt for arbeidet dei har lagt ned med å lage sykkelfilmen.