Ordføraren i Evje og Hornnes, Bjørn Robstad er innstilt av nominasjonskomiteen i Agder KrF til førsteplassen på fylkestinglista. Han blir då partiet sin fylkesordførarkandidat.
Ordføraren i Evje og Hornnes, Bjørn Robstad er innstilt av nominasjonskomiteen i Agder KrF til førsteplassen på fylkestinglista. Han blir då partiet sin fylkesordførarkandidat.

Ropstad senior fylkesordførarkandidat

Nominasjonskomiteen i Agder KrF har innstilt ordføraren i Evje og Hornnes, Bjørn Ropstad som partiet sin kandidat til å overta som fylkesordførar i det nye Agder.

-Dette er ei sterk tillitserklæring, seier Bjørn Ropstad til Setesdølen. Han har stilt seg til disposisjon for partiet på fylkesnivå fordi han synest det er spennande å vere med på å skape noko nytt i det nye Agder-fylket.

-Her må ein tenke heile Agder som ein region, og det er utfordrande og spennande, seier han. Agder KrF held nominasjonsmøte i Kristiansand torsdag 6. desember.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Vest-Agder har det vekt reaksjonar at partiet sin noverande fylkesvaraordførar Tore Askildsen er vraka av nominasjonskomiteen i kampen om førsteplassen. Bjørn Ropstad understrekar difor at ingenting er sikkert før nomasjonsmøtet har sagt sitt.

Framleis ordførar

-Klart eg gjerne vil vere med og gjere ein skikkeleg jobb, men så lenge eg er ordførar i Evje og Hornnes, er det dette vervet eg konsentrerer meg mest om, seier han. 

Ved kommunevalet neste år er han ikkje på lista. Då takkar han av etter 20 år i ordførarstolen. For fleire månader sidan gjekk han av som leiar i arbeidsutvalet i Agder Energi, men møter som vanleg medlem på kommunane sitt eigarmøte i selskapet. For tida er han også styreleiar i Setesdal regionråd.

Kunderådgjevar

Bjørn Ropstad var i sitt sivile liv kunderådgjevar i Nordea-banken på Evje, men banken har lagt ned avdelingskontoret sitt der for fleire år sidan. Ropstad har for lenge sidan fristilt seg frå bankverksemda. Etter at ordførarperioden er slutt, er han open for nye oppgåver, men har framleis lyst på politisk arbeid.