Litt sjampis og glamour høyrde med då kunstnar Per Fronth opna utstilling på Systog Dale i Valle i helga. På føropninga fredagskvelden la ikkje Margit Dale skjul på kor stolt ho er over å huse ein så kjend kunstnar med måleri og andre arbeid på kvar ein vegg i galleriet.

Opna Per Fronth-utstilling i Valle

Kunstnar Per Fronth si separatutstilling i galleriet på Systog Dale i Valle er ei einaste lang kjærleikserklæring til ein dal kunstnaren kjenner seg som ein del av.

Bakgrunnen for utstillinga som opna i helga er oppdraget Fronth fekk med hovudverket som utsmykning til det nye bibliotekbygget Sæbyggjen.

– Oppdraget og forarbeidet til det som vart eit kunstverk i Sæbyggjen gav meg så mykje inspirasjon og skisser at ideen om ei meir utvida utstilling kom. Eg blir veldig inspirert av Setesdal. Folk, natur, eg har Setesdal med meg i det meste, sa Fronth til Setesdølen under førpremiere-kvelden sist fredag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har vore mykje her i dalen gjennom livet, mellom anna på fjellturar både i Valle og andre stader.

Glimt av setesdølen

Ei vandring blant alle kunstverka Fronth har levert til utstillinga er ei oppleving. Her er alt frå variantar av den stakkekledde jenta som pryder Sæbyggjen til naturskildringar, fjellaktivitetar, folk og natur. Med sterke fargar skildrar Fronth dalen.

– Eg prøver slett ikkje å forklare kven setesdølen er, men ynskjer å vise mine tolkningar. Så er eg glad for å kunne vise alt dette nettopp på Systog Dale. Margit Dale og Frode Verpe har vist at dei kan kombinere det gamle med det nye. Det er viktig for meg. Me kan ikkje alle leve i ein blikkboks! Me kan sjå attende i tid, men må gløtte framover samstundes, slo ein opplagt kunstnar fast.

– Me har ei felles forståing av kva me er ute etter i kunsten sitt møte med dalen, sa Per Fronth (t.v.) om Frode Verpe i Systog Dale.
– Me har ei felles forståing av kva me er ute etter i kunsten sitt møte med dalen, sa Per Fronth (t.v.) om Frode Verpe i Systog Dale.
Eit knippe av dei 30-40 som fekk med seg førpremiere på Per Fronth-utstillinga på Systog Dale i Valle fredagskvelden. Utstillinga opna laurdag som del av kulturveka i Valle. Frå venstre rundt bordet Hege Kjær Langeid, Kristine Bjørgum Forde, Bente Brokke, Øivind Hansen, Andreas Bjørgum Forde, Andreas Veiersted, Marit Haugen og Jorunn Sørensdotter Homme.

Høg stemning

På førpremieren med 30-40 deltakarar var det ei synleg stolt Margit Dale som baud folk velkomne.

– Det er stort for oss at ein kunstnar av Per Fronth sitt kaliber ynskjer å vise fram kunsten sin her. No skal de alle få kose dykk med utstillinga, så blir det suppe og lefse etterpå, sa Margit Dale.

Ho lova også smakebitar av brød laga på 150 år gamal surdeig, nesten kunst i seg sjølv, det! Salet på Systog Dale gjekk godt første helga, men det er tid att! Utstillinga blir ståande like til sundag 9. desember.

Takksam kunstnar

Mange var innom Per Fronth-utstillinga på Systog Dale i Valle opningshelga. Salet var godt, og det skal nok galleriet og dei bak ha sin del av æra for. Jo visst er Per Fronth eit kunstnarnamn som sel seg sjølv, men galleriet og presentasjonen på Systog Dale er imponerande og med på å skape ei levande ramme for kunstverka.

Margit Dale og Frode Verpe har fått på plass lokalar og innreiing som kan måle seg med det meste av liknande galleri andre stader. Under førpremieren la ikkje kunstnaren skjul på at han set stor pris på samarbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Både Margit og ikkje minst Frode ser mykje av det eg vil med kunsten min, og det betyr alt. Slikt blir det respekt og tillit av. At dei kan vere med på å formidle min inspirasjon så flott er eg veldig takksam for, sa Fronth.