Skulane tyngste budsjett-satsinga

I sitt forslag til budsjett er det i tillegg til dei 30 mill. kr. til barneskulen på Evje sett av like mykje i 2020 som del av økonomiplanen.

– I 2021 set me av 12 mill. kr. til ungdomsskulen, seier Hornnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho gler seg over å kunne presentere eit budsjett i balanse.

– Me får vel kring 1,4 mill. kr. overført til frie fond, seier Hornnes.

– Stramt budsjett

Det har vore innsparingar som blir vidareført i Evje og Hornnes kommune, men nye, stor kutt blir det ikkje i budsjettet for neste år.

– Det er likevel eit stramt budsjett. Det kan ikkje vere tvil om at me ligg på ei nøktern linje, seier Anne Sofie Hornnes.

Mindre investeringar

Om det ikkje er andre investeringar på linje med skuleopprustinga på Evje inneheld likevel forslag til budsjett ein del tiltak. Drift og forvaltning skal få 1 mill. kr. til ny maskinpark, og det er som det var for budsjettet i år sett av 3,75 mill. kr. til tiltak innan vatn og avløp. 

– Så foreslår me å sette av 1 mill. kr. til vedlikehald av idrettsbygget ved stadion. Elles handlar budsjettet stort sett om å behalde tenestenivå som i dag, utan dei store endringane eller overraskingane, seier konstituert rådmann i Evje og Hornnes, Anne Sofie Hornnes.