Biletkunstnar Grethe Swahn med atelier i Bykle er ein av kunstnarane som deltar i utstillinga ”Transfer” i Sæbyggjen i Valle førstkomande laurdag.
Biletkunstnar Grethe Swahn med atelier i Bykle er ein av kunstnarane som deltar i utstillinga ”Transfer” i Sæbyggjen i Valle førstkomande laurdag.

"Transfer" i Valle

Utstillinga ”Transfer”, som kjem frå det latinske ordet transferre, å overbringe/overføre, opnar i Sæbyggjen i Valle førstkomande laurdag.

Omgrepet som dannar basis for Bykle og Valle kunstlag si utstilling skal seie noko om levesettet vårt i ei overgangstid, og med tanke på vår region med fjell, elv og kyst.

Mange ulike kunstnarar stiller ut

Ei heil rekke kunstnarar er presentert i ”Transfer”. Hans-Georg Kohler, Bjørn Aurebekk, Olaug Åsen, Ewald Assmann, Rolf Dahle, Erlend Evensen, Jeannie Ozon Høydal, Tormod Ropstad, Grethe Swahn, Ella Uleberg, Torve Krogh og Kirsti Tiedje har alle levert bidrag til utstillinga.