Adrian Jørgensen, Kim Rysstad, Solveig Kringlebotn, Sondre Mulongo Nystrøm og Bilal Saab.
Adrian Jørgensen, Kim Rysstad, Solveig Kringlebotn, Sondre Mulongo Nystrøm og Bilal Saab.

Kim klar for både opera og disco!

Hylstringen Kim Rysstad imponerer stort i Stjernekamp på NRK, og taklar alt han får av utfordringar! Laurdagskvelden er det duka for både opera og disco!

Sist laurdag handla det om rock og salmar. Kim Rysstad handterte begge sjangrane med pondus, og gjekk vidare i musikktevlinga. Laurdag er det altså opera og disco det handlar om, og i desse dagar øver Kim og dei andre som framleis er med i tevlinga saman med mentorane sine. Kringkastingsorkesteret er med laurdag, så den musikalske oppbackinga blir det lite å seie på!

Verdskjend 

I opera-segmentet har NRK henta inn vidgjetne Solveig Kringlebotn som mentor. Betre utgangspunkt kan ikkje dei fire musikarane som skal i elden laurdag få, Kringlebotn har sunge opera på dei fleste store scenene i verda! Kim Rysstad skal synge "Ave Maria" i opera-delen og "I will survive" i disco-bolken. Begge stykka klassikarar i sin sjanger, og musikk som utan tvil kan få fram det beste i hylstringen! Sendinga laurdag tar til klokka 19.50.