Seksti personar takka ja til middagstilbod for eldre i Evje og Hornnes nyleg. Finn Larsen frå Flatebygd var ein av dei. (Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd)

Få slo til på middagstilbod på Evje

Evje og Hornnes kommune fekk etter søknad 50.000 kroner til å arrangere middag for aktuelle personar over 65 år.

Pleie- og omsorgstenesta ordna med utlysing av tilbodet og avtale med serveringsstadane Dølen hotell og Pernille kafe. Dei som måtte ha skyss til og frå, skulle få det. Kvar enkelt som melde interesse for middagstilbodet, måtte betale ein eigendel på 125 kroner.

800 personar kunne ha nytta seg av tilbodet, men berre 60 var interessert, og det vil seie under 10 prosent. Dermed sit arrangøren att med ein god slump med pengar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva vil så kommunen bruke resten til? Einingsleiar Hallstein Homdrum seier han vil be Statsforvaltaren i Agder om løyve til å overføre pengesummen til neste år, og då kan det vere aktuelt med eit nytt middagstilbod, men med aldersgrense frå 75 år.

I.Ø.