Valle/Otra-samarbeid gav seriesiger
Valle IL og Otra IL samarbeider om Jenter 15 i fotball. Det må ein seie er eit vellukka prosjekt, i år vann gjengen like godt serien!
–Alle spelarane er i alderen 13-15 år. Me er sers nøgde med dette samarbeidet, seier trenar for laget, Kristine Kleiveland.
Entusiastisk som få er ho nok ikkje mindre mota på vidare innsats etter sigeren i år.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me ser alt fram til seriespel neste sesong, slår ho fast.
2,6 mål per kamp!
Suveren toppskårar for Valle/Otra-laget vart Mathilde K. Langeid. Ho putta heile 18 mål, og kan vise til eit snitt på 2,6 mål per kamp! Det kan ikkje ein gong Salah på Liverpool matche - enno..
Laget fekk nyleg sponsa jakker av Valle IL og Valle Sparebank som ekstra premie og takk for den flotte innsatsen gjennom sesongen!