Jenny Strømstad opna Mekk Evje i juni. No er ho ute etter nokon som vil ta over franchise-salet.

Vil selje seg ut av Mekk Evje

I juni i år opna Mekk Evje med Jenny Strømstad som franchise-drivar. No er ho ute etter nokon som kan ta over salsretten i butikken.

Kva Strømstad no vil i gang med vil ho ikkje seie, men ho stadfestar at ho er på jakt etter nokon som kan ta over i Mekk Evje.

– Ja, det stemmer. Det enklaste er nok at ein eventuelt kjøper selskapet som har franchisen, JST AS, seier Strømstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gått greitt

Fleire detaljar er ikkje klart enno, men Strømstad seier at drifta i Mekk Evje har gått greitt sidan oppstarten. Ho vil likevel ikkje kommentere omsetningstal. Butikken har leigeavtale på 5 år i bygget på Verksmoen.