El-sykkel også til born på Bygland

Om ikkje det er heilt sykling dei fleste tenkjer mest på om dagen, kunne BUA på Bygland nyleg feire at dei får inn el-sykkel til born i utlånslageret sitt.

Sykkelen passar for born frå 8 til 13 år og har ei rekkevidde på 40-80 km.

Utlånssentralen kjem også til å få snowskates nok til ein stor venegjeng som vil ut etter at Stiftelsen UNI gav 47 920 kroner til føremålet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå før av har BUA mellom anna snowboard, akebrett og masse skøyter til utlån, noko som passar sesongen me no er inne i. Også sparkesykkel til vinterbruk, snowrider, er å få låne på BUA på Bygland.