Like frå den gongen Landbruksdagane på Evje heitte landbruksmessa ”Naturligvis” var ”Smaken av Setesdal” ein sentral aktør. Her med dåverande dagleg leiar for landbruksmessa Øyvind Nese og Christina Høgetveit som ei stund hadde ansvar for utsal i Evje sentrum.

Smaken av Setesdal oppløyst: Regionrådet overtek merkevara

Selskapet Smaken av Setesdal Sa er meldt oppløyst, men merkevare vil leve vidare, ifølgje styreleiar Bjørn Erling Auestad.

Samvirkeforetaket Smaken av Set-esdal vart skipa i 2013 og besto av opp mot 20 produsentar i dei fire setesdalskommunane.

Leiar av avviklingssyret seier at aktiviteten vart for låg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har valt å oppløyse selskapet då det krev for mykje å halde dette i gang. Men det er regionrådet som overtek merkevara, så det vil eksistere vidare i ei anna driftsform, seier Auestad.

Liten skilnad

Han seier at for kundane vil oppløysinga ha lite å seie.

– Turistar vil ikkje merke forskjell, merkevara skal framlis eigast av felleskapet og ikkje av ein enkelt aktør, legg han til.

Det var vore mindre aktivitet dei siste åra, og sist var Smaken av Setes-dal deltakar på Gladmatfestivalen i Stavanger.

Auestad trur aktiviteten vil ta seg opp når bransjen normaliserer seg etter år med pandemi.

Smaken av Setesdal SA besto av 20 foretak frå dei fire Setesdalskommunane og blei stifta hausten 2013. Målet deira var at tilreisande og fastbuande skal kunne få kjøpe og oppleve gode lokale varer. Det skal dei framleis kunne gjere.