Rundt 4,5 mill. kroner blir i desse dagar gitt som utbytte til Gjensidige sine kundar i Setesdal. (Foto: Setesdølen)

Millionutbytte frå Gjensidige til kundar i Setesdal

Folk i Setesdal som er kundar i forsikringsselskapet Gjensidige, får i desse dagar utbetalt eit samla kundeutbytte på 4,5 millionar kroner. Det gir eit snitt på rundt 3.000 kroner til kvar av kundane.

For 14. året på rad deler Gjensidige ut aksjeutbytte til eigarane. Mesteparten av dette går til Gjensidigestiftelsen, som sender utbyttet vidare til kundane.

Den spesielle ordninga gjer at Gjensidigestiftelsen betaler 2,4 milliardar kroner til 860.000 kundar over heile landet. Til studentar, småbarnsfamiliar, pensjonistar og bedrifter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sidan 2010 har selskapet betalt meir enn 27 milliardar kroner til Gjensidige-kundane.

– Me er veldig glade for at skadeforsikringskundane våre endå ein gong får mesteparten av det utbyttet Gjensidige betaler til sine eigarar. Kundeutbyttet frå Gjensidigestiftelsen er ein fantastisk kundefordel, seier konsernsjef Geir Holmgren.

Kvifor kundeutbytte?

På 1800-talet blei det danna mange små, lokale forsikringsselskap rundt omkring i Noreg. Det var kundane som eigde selskapa, men i nyare tid har nesten alle desse småselskapa gått saman i Gjensidige.

I 2010 ble Gjensidige notert på Oslo Børs, men det gjensidige forholdet mellom kundar, lokalsamfunn og forsikringsselskap blei vidareført av den største eigaren som er den kundestyrte Gjensidigestiftelsen.

I tillegg til å dele det ordinære aksjeutbyttet frå Gjensidige med selskapet sine skadeforsikringskundar, deler Gjensidigestiftelsen ut store summar til samfunnsnyttige føremål. Det har også blitt omtalt her i avisa når det nærmar seg juletider. Frivillige lag og organisasjonar kan søke om midlar, og alle skadeforsikringskundar i Gjensidige kan engasjere seg i stiftelsen.